Fakta
Informasjon oppdatert
22. september 2025.


Om studiet
I dette emnet får du presentasjon av ulike typar mikrokontrollarar, introduksjon til programmeringsspråket C++ og introduksjon til programmeringsspråket Python. Du lærer om grensesnitt mellom styring og styrte system og får introduksjon til vision-teknologi.
I denne modulen får du ei innføring i mikrokontrollarar og korleis dei verkar. Du får programmere eit par typar mikrokontrollerar. Vi brukar Arduino og Raspberry Pi. Dei sentrale programmeringsspråka er C++ og Python. Vi forsøker å gjere modulen praktisk ved å la dei styre fysiske modellar der vi lærer å lage grensesnittet sjølv. Du får også ei innføring i vision-teknologi; det vil seie industriell bilethandtering, der du kan føreta styring og måling på grunnlag av to-dimensjonale bilete.
Målgruppe
Alle med grunnleggjande elektrobakgrunn som ønskjer å lære seg bruk av mikrokontrollerar og vision-system for styring.
Forkunnskapar:
Grunnleggjande elektroforståing på nivå med første året på vidaregåande skule.