Fakta
Informasjon oppdatert
1. oktober 2026.
Om studiet
Vil du jobbe med elektrifisering av fritidsbåtar, arbeidsbåtar og mindre yrkesfartøy? Då er denne utdanninga ein god start. Her får du grunnleggande kompetanse i elektriske og hybride framdriftssystem.
Emnet rettar seg mot deg som som arbeider med, eller ønsker å arbeide med, elektrifisering av fritidsbåtar, arbeidsbåtar og mindre yrkesfartøy.
Emnet er særleg relevant for deg med bakgrunn frå elektro, automasjon, mekaniske fag, maritim teknikk, motorteknikk, båtbygging, service, drift eller vedlikehald.
Emnet passar for fagarbeidarar, teknikarar, montørar, serviceteknikarar, båtmekanikarar, maritime operatørar og andre som treng grunnleggande kompetanse i elektriske og hybride framdriftssystem. Emnet er også relevant for personar som ønsker å arbeide med service og vedlikehald av slike system, og for tilsette i verkstader, marinaer, båtbransjen, leverandørbedrifter, offentlege verksemder og mindre reiarlag som skal vurdere, planlegge, gjennomføre eller følge opp elektrifisering av fartøy.
Utdanninga krev ikkje ingeniørkompetanse, men du bør ha grunnleggande teknisk forståing og interesse for maritime energisystem, elektriske komponentar, tryggleik og praktisk problemløysing.