Nøkkelinformasjon

Fagskulen Vestland
Fagskulen Vestland

Lærested

Studiested

Nordnes

Nivå

Fagskolegrad

Studiepoeng

30

Semester

2

Kostnader

Semesteravgift 650 kr per semester.

Studieform

Nettstudium

Studietempo

Deltid

Søknadsfrist

14. april

Godkjenninger

  • Nokut
  • Lånekassen

Om studiet

Demens er ei samlenemning for tilstandar som gir kognitiv svikt, endra åtferd og gradvis redusert evne til å meistre daglege gjeremål.Talet på personar med demens aukar i takt med høgare levealder, noko som fører til store utfordringar både for helsevesenet og for pårørande. Hos enkelte personar med demens eller psykiske lidingar kan det òg oppstå utfordrande åtferd som krev fagleg forståing, førebygging og trygg handtering. Studiet gir innsikt i årsaker til slik åtferd og korleis helsepersonell kan møte desse situasjonane på ein respektfull og trygg måte.

Alderspsykiatri omfattar psykiske lidingar hos eldre, som depresjon, angst, søvnproblem, rusmiddelbruk og delirium. Studiet tek for seg både demens og psykisk helsearbeid for eldre, uavhengig av når lidingane debuterer. Personsentrert omsorg og miljøbehandling er sentrale tilnærmingar og byggjer på forståing av pasienten sin livshistorie, ressursar og opplevingar. Målet er å fremje meistring, sjølvkjensle og livskvalitet gjennom aktiv deltaking i dagleglivet.

Utdanninga er arbeidslivsrelevant og utvikla i tråd med behov i tenestefeltet. Ho gir kompetanse som svarar til læringsutbytte på nivå 5.1 i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket (NKR). Studiet gir kunnskap og ferdigheiter i demensomsorg og psykisk helsearbeid retta mot eldre menneske, og skal styrkje fagkompetansen hos tilsette i helse- og omsorgstenestene som møter eldre med kognitiv svikt, demens eller psykiske lidingar.

Formålet er å utvikle studentane si evne til personsentrert tenking, kommunikasjon, etisk refleksjon og målretta miljøbehandling, samt å fremje arbeidshelse og profesjonell utvikling i praksisfeltet.

Opptakskrav

Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon

Formelle opptakskrav

For studium Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre er det fagbrev i helsearbeidarfaget, i tillegg til autorisasjon som sjukepleiar og vernepleiar som dannar grunnlag for opptak. I tillegg må søkjar ha minimum 1 års erfaring frå arbeidsfeltet demensomsorg eller psykisk helsearbeid til eldre.

Fagbrev som kvalifiserer til opptak

  • Helse- og oppvekstfag

    • Helsearbeidarfaget.

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Relevant realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Sluttkompetanse

  • Helsearbeiderfaget

Opptaksinformasjon

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev. Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

Kvalifikasjon/tittel

Demensomsorg og Psykisk helsearbeid til eldre

Alle utdanninger innen