Nøkkelinformasjon
Lærested
Studiested
Nivå
FagskolestudiumStudiepoeng
30.0Semester
Kostnader
690
Studieform
Nettstudium, samlingsbasertStudietempo
DeltidOppstartsdato
HøstGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Det blir stadig fleire eldre i Norge. Mange vil få demens eller psykiske lidingar. I 2030 er det venta at heile 2,48 prosent av innbyggarane i Norge vil ha demens. I dette studiet tileignar du deg kunnskap og verktøy for å legge til rette for god livskvalitet for enkeltmenneske med ei rekke ulike behov og føresetnader.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Her får du verktøy og kompetanse som gjer deg trygg i jobben, og som hjelper deg å gje god personsentrert omsorg samtidig som du tar vare på deg sjølv, kollegaer og pårørande.
Kompetansen er nyttig på alle nivå i helsetenesta og vil gje moglegheiter for nye ansvarsområde og arbeidsoppgåver.
I praksisdelen handlar det om å ta med seg det ein har lært og ta det i bruk på ein arbeidsplass. Kunnskap om korleis ein tar i bruk nye arbeidsmetodar og utviklar eigenpraksis er ein viktig kompetanse i arbeidslivet.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet gir 30 studiepoeng og er nettbasert med samlingar over eitt og eit halvt år.
Studiet er praksisnært og tar utgangspunkt i studentane sine erfaringar. Konkrete situasjonar og opplevingar blir utgangspunkt for korleis vi jobbar med og forstår teori. Det er derfor stilt krav om noko arbeidserfaring innan feltet.
Det er fem modular, der éin av dei er praksis:
- Etikk, kommunikasjon og relasjonskompetanse
- Demens, pyskiske lidingar og plager hos eldre
- Personsentrert omsorg og målretta miljøbehandling
- Implementering av målretta miljøbehandling på eigen arbeidsplass (praksis)
- Fagleg refleksjon, rettleiing og arbeidshelse
Studentar kan ha praksis på eigen arbeidsplass dersom arbeidsplassen er relevant. Dette blir vurdert av fagskulen. Studentar som ikkje har ein relevant praksisplass vil få tildelt praksisplass av fagskulen.
Nettundervisninga er i hovudsak lagt opp slik at studenten kan arbeide med lærestoffet slik det passar den enkelte. Studiet let seg kombinere med å vere i arbeid.
Undervisningsopplegg
Nettbasert med samlingar, deltid