Nøkkelinformasjon

Logo Fagskulen Vestland
Logo Fagskulen Vestland

Lærested

Studiested

Førde

Nivå

Høyere fagskolegrad

Studiepoeng

120.00

Kostnader

Kr. 3550 pr. semester.

Studieform

Undervisning ved lærestedet, nettstøttet, samlingsbasert

Studietempo

Heltid, deltid

Søknadsfrist

15. april

Oppstartsdato

15. august

Godkjenninger

  • Nokut
  • Lånekassen

Antall semester

4

Opptakskrav

F-TEK-BYG0011

Antall studieplasser

30

Søknadskode (SO)

20084-39

Om studiet

Fordjupingsområdet bygg gjev deg opplæring i BIM, bygningsfysikk, byggeplassleiing, landmåling, tre-, betong- og stålteknologi og FDV. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lover og regelverk for bygg- og anleggsbransjen.

Undervisningsopplegg

Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått bygg eller anleggslinje på vidaregåande, (tidlegare yrkesskulen), deg som har arbeidd innanfor ulike byggfag og som no ynskjer meir formell kompetanse og deg som har leiarambisjonar.

Det er stort underskot på denne typen arbeidskraft. Etterspurnaden etter folk med teknisk bakgrunn frå fagskule er stor og er forventa å auke ytterlegare dei nærmaste åra.

Utdanningstilbod  

Dette studiet er enten to-årig heiltid eller to-årig samlingsbasert over tre år.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:

Tre fysiske samlingar. Fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.

Seks nettsamlingar. To undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

Gjennomføring av utdanninga

Studiet er basert på klasseromsundervisning, laboratorieøvingar, innleveringsoppgåver, prøvar/testar, bruk av dataverktøy, sjølvstudium, prosjekt og utplassering. Det er spesifiserte arbeidskrav i alle emne som må oppfyllast i samsvar med studieplanen.

Opptakskrav

  1. Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev

  2. Realkompetanse

  3. Søkjarar som kan dokumentere at de skal gjennomføre relevant fagbrev/sveinebrev etter opptaksfristen, kan tildeles plass på vilkår om bestått prøve.

Kvalifikasjon/tittel

Fagskuleingeniør.