Nøkkelinformasjon

Fagskulen Vestland
Fagskulen Vestland

Lærested

Studiested

Nordnes

Nivå

Fagskolegrad

Studiepoeng

60

Semester

4

Kostnader

Semesteravgift 650 kr per semester.

Studieform

Samlingsbasert, nettstudium

Studietempo

Deltid

Søknadsfrist

14. april

Godkjenninger

  • Nokut
  • Lånekassen

Om studiet

Studiet er nettbasert med samlingar og er særleg retta mot dei som arbeider med barn og unge, og som ønskjer å bidra til å heva kvaliteten på tenestene innan helse- og oppvekstfeltet.

Gjennom studiet får studentane innsikt i psykisk helse hos barn og unge, med vekt på heilskapleg forståing, sårbarheit og tidleg innsats. Dei skal utvikla solid relasjonskompetanse og få auka kunnskap om korleis ein kan fremja meistring i utfordrande situasjonar.

Vidare skal studentane utvikla kompetanse i å ta initiativ og samarbeida med barn og unge, pårørande og kollegaer for å fremja psykisk helse og trivsel. Dei skal òg styrka si forståing av tverrfagleg samarbeid og samordning av tenester for barn og unge, samt få innsikt i psykososialt arbeid retta mot barn, ungdom og familiar.

Emna i studiet er:

  • Psykisk helse hos barn og unge – heilskapleg forståing, sårbarheit og tidleg innsats.
  • Relasjonelt arbeid med barn og unge - meistring i utfordrande situasjonar.
  • Tverrfagleg samarbeid og samordning av tenester for barn og unge.
  • Psykososialt arbeid med barn, ungdom og familiane deira.

Opptakskrav

Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon

Formelle opptakskrav

Søkjar må ha minst eitt års relevant arbeidserfaring i minimum 50 % stilling frå arbeid med barn og unge. 

  • Relevant fagbrev kan vere barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, ambulansearbeidar, tannhelse/helsesekretær (med to års relevant praksis) eller aktivitør.
  •  
  • Generell studiekompetanse etter Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring, nivå 4, med autorisasjon innan yrke som barnehagelærar, lærar, helsesjukepleiar, sjukepleiar, barnevernspedagog eller vernepleiar.
  •  
  • Søkjarar som ikkje oppfyller krava ovanfor, og som har fylt 23 år, kan søkja om opptak på grunnlag av realkompetanse (relevant arbeidserfaring).
  •  
  • Søkjarar som kan dokumentera at dei skal gjennomføra fagprøve etter opptaksfristen, kan få plass på vilkår av bestått prøve innan utgangen av første semester. Lærekontrakt må leggjast ved søknaden i Samordna opptak som dokumentasjon på at fagprøva skal avleggjast.

For utfyllande informasjon om opptak, sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no

 

Målgruppe og Opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjaren skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev eller sveinebrev.
Søkjarar som kan dokumentera at dei skal gjennomføra fagprøve etter opptaksfristen, kan få tilbod om plass på vilkår av at prøva er bestått innan utgangen av første semester etter opptak.

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkja om opptak på grunnlag av realkompetanse. Relevant realkompetanse er all kompetanse ein person har tileigna seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m. For nærare informasjon om opptak, sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland (2022), § 2.

 

Språkkrav for søkjarar med utanlandsk utdanning

For informasjon om språkkrav, sjå Forskrift om høgare yrkesfagleg utdanning (fagskuleforskrifta), § 9 – Utfyllande reglar om språkkrav for søkjarar med utanlandsk utdanning.

 

 

Sluttkompetanse

  • Aktivitørfaget
  • Ambulansefaget
  • Barne- og ungdomsarbeiderfaget
  • Helsearbeiderfaget
  • Helsesekretær
  • Tannhelsesekretær

Opptaksinformasjon

Fagbrev som kvalifiserer til opptak

  • Helse- og oppvekstfag

    • Aktivitørfaget.
    • Ambulansefaget.
    • Barne- og ungdomsarbeidarfaget.
    • Helsearbeidarfaget.
    • Helsesekretær.
    • Tannhelsesekretær.

Kvalifikasjon/tittel

Barn og unge si psykiske helse

Alle utdanninger innen