Nøkkelinformasjon
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120Kostnader
Studieavgift 3.000 kr og Semesteravgift 650 kr per semester.
Studieform
Samlingsbasert, nettstudiumStudietempo
DeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Utdanninga skal tilby fagleg opplæring som er tilpassa dagens krav, og skal stimulere studentane sine leiarferdigheiter med vekt på åtferd og haldningar. Prosjektarbeid skal trene studentane til god kommunikasjon med framtidige medarbeidarar, og digitale verktøy skal kunne brukast effektivt.
Automatisering som disiplin har eit sterkt tverrfagleg preg og stiller krav til innsikt på mange fagområde. Automatisering er høgteknologi i praksis, og eit fagområde i rask utvikling. Ein yrkesutøvar må difor ha både solid praksis og til ei kvar tid oppdatert teoretisk utdanning for å kunne vurdere og løyse automatiseringsoppgåver innanfor sitt arbeidsområde. Fagområde kan vere prosessanlegg, offshore, industriell automatisert produksjon, byggautomatisering og andre industrielle område, spesielt innan modernisering for å oppnå lønsemd og miljøgevinst. Som ferdig student innan automatisering, kan du leie og vere ansvarleg for planlegging og gjennomføring av arbeid i automatiserte anlegg. Utdanninga skal gi eit godt fundament for å kunne forstå dei forhold som må ivaretakast av ein fagleg ansvarleg. For å få eit automatisert anlegg til å fungere, krevst ei brei heilskapstenking som omfattar teoretiske kunnskapar, kreativitet og praktiske ferdigheiter.
Opptakskrav
Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon
Fagbrev som kvalifiserer til opptak
-
Elektro og datateknologi
- Automatiseringsfaget.
- Avionikarfaget.
- Dataelektronikarfaget.
- Elektrikarfaget.
- Elektroreparatørfaget.
- Energimontørfaget.
- Energioperatørfaget.
- Fjernstyrte undervassoperasjonar.
- Flymotormekanikarfaget.
- Flystrukturmekanikarfaget.
- Flysystemmekanikarfaget.
- Heismontørfaget.
- Kulde- og varmepumpeteknikkfaget.
- Maritim elektrikarfaget vg3 i bedrift.
- Produksjonselektronikarfaget.
- Signalmontørfaget.
- Tavlemontørfaget.
- Telekommunikasjonsmontørfaget.
- Togelektrikarfaget.
- Viklarfaget.
- Viklar- og transformatormontørfaget.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er den relevante kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Sluttkompetanse
- Automatiseringsfaget
- Avionikerfaget
- Dataelektronikerfaget
- Elektrikerfaget
- Elektroreparatørfaget
- Energimontørfaget
- Energioperatørfaget
- Fjernstyrte undervannsoperasjoner
- Flymotormekanikerfaget
- Flystrukturmekanikerfaget
- Flysystemmekanikerfaget
- Heismontørfaget
- Kulde- og varmepumpeteknikkfaget
- Maritim elektrikerfaget vg3 i bedrift
- Produksjonselektronikerfaget
- Signalmontørfaget
- Tavlemontørfaget
- Telekommunikasjonsmontørfaget
- Togelektrikerfaget
- Viklerfaget
- Vikler- og transformatormontørfaget
Opptaksinformasjon
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
- Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev /sveinebrev.
- Realkompetanse.
- Søkjarar som kan dokumentere at de skal gjennomføre relevant fagbrev /sveinebrev etter opptaksfristen, kan tildeles plass på vilkår om bestått prøve.

