Nøkkelinformasjon
Lærested
Studiested
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120.00Studieform
Nettstudium, nettstøttet, samlingsbasertStudietempo
DeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Velg alternativ
Voss, nettbasert, samlingsbasert
Antall semester
6Opptakskrav
F-TEK-ANL0001Studiested
VossAntall studieplasser
30Søknadskode (SO)
20084-10Førde, nettbasert, samlingsbasert
Antall semester
6Opptakskrav
F-TEK-ANL0007Studiested
FørdeAntall studieplasser
30Søknadskode (SO)
20084-36Om studiet
Vil du jobbe i ein stor og samfunnsnyttig bransje og lære å berekne, planleggje og koordinere produksjon, innkjøp og personressursar i nye byggeprosjekt og ved restaurering? Då vil anlegg vere ei spennande utdanning for deg. Anleggsutdanninga omfattar også landmåling/geomatikk og kommunalteknikk, anbod og kalkulasjon, geoteknikk, fjellarbeid, anleggsdrift og prosjektstyring. Tilbodet er på Fagkulen Vestland sin studiestad på Voss.
Undervisningsopplegg
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarer til 2 år på fulltid. Fagskulen Vestland tilbyr studiet anlegg som eit nettbasert studium over 3 skoleår på studiestad Voss. Det er 6 vekesamlingar kvart skoleår pluss eksamensdagar, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane. Samlingane på skole vil innehalde mykje praktisk arbeid, bedriftsbesøk og demonstrasjonar. Mellom samlingane blir læringsplattforma Its learning og ulike former for nettundervisning brukt.
Opptakskrav
Det generelle grunnlag for opptak er:
> fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev / sveinebrev,
eller
> realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram. Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass.
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.
Liste over relevante fagbrev finn du på nettsidane våre.
Opptaksinformasjon
Du søkjer studieplass på Samordna opptak.
Karrieremuligheter
Som fagskoleingeniør med fordjuping i anlegg og relevant praksis er ein kvalifisert for stillingar som entreprenør, konsulent, byggeleiar/anleggsleiar, oppsynsmann og kontrollør, kommuneteknikar, stikningsteknikar, faglærar eller til å starte eiga bedrift.