Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Lærested

Nivå

Annen utdanning

Kostnader

9100

Studieform

Nettstudium

Søknadsfrist

Løpende

Oppstartsdato

Fleksibel oppstart

Om studiet

Undervisningen dekker pensum på Vg2 studiespesialisering. Oppstart: Du får tilgang i ett år fra den dagen du melder deg på.

Kursdeltaker skal gjennom opplæringen heve sin kompetanse for å kunne avlegge eksamen i faget.

 

Kjerneelement i Matematikk 2P

Utforsking og problemløysing

Utforsking i matematikk 2P handlar om at kursdeltakerne leiter etter mønster, finn samanhengar og diskuterer seg fram til ei felles forståing. Kursdeltakerne skal leggje meir vekt på strategiane og framgangsmåtane enn på løysingane. Problemløysing i matematikk 2P handlar om at kursdeltakerne utviklar ein metode for å løyse eit problem dei ikkje kjenner frå før. Algoritmisk tenking er viktig i prosessen med å utvikle strategiar og framgangsmåtar for å løyse problem og inneber å bryte ned eit problem i delproblem som kan løysast systematisk. Vidare inneber det å vurdere om delproblema best kan løysast med eller utan digitale verktøy. Problemløysing handlar òg om å analysere og forme om kjende og ukjende problem, løyse dei og vurdere om løysingane er gyldige.

Modellering og anvendingar

Ein modell i matematikk 2P er ei beskriving av verkelegheita i matematisk språk. Kursdeltakerne skal ha innsikt i korleis modellar i matematikk blir brukte for å beskrive dagleglivet, arbeidslivet og samfunnet elles. Modellering i matematikk 2P handlar om å lage slike modellar. Det handlar òg om å kritisk vurdere om modellane er gyldige, og kva avgrensingar dei har, vurdere modellane i lys av dei opphavlege situasjonane og vurdere om dei kan brukast i andre situasjonar. Anvendingar i matematikk 2P handlar om at kursdeltakerne skal få innsikt i korleis dei skal bruke matematikk i ulike situasjonar, både i og utanfor faget.

Resonnering og argumentasjon

Resonnering i matematikk 2P handlar om å kunne følgje, vurdere og forstå matematiske tankerekkjer. Det inneber at kursdeltakerne skal forstå at matematiske reglar og resultat ikkje er tilfeldige, men har klare grunngivingar. Kursdeltakerne skal utforme eigne resonnement både for å forstå og for å løyse problem. Argumentasjon i matematikk 2P handlar om at elevane grunngir framgangsmåtar, resonnement og løysingar og beviser at desse er gyldige.

Representasjon og kommunikasjon

Representasjonar i matematikk 2P er måtar å uttrykkje matematiske omgrep, samanhengar og problem på. Representasjonar kan vere konkrete, kontekstuelle, visuelle, verbale og symbolske. Kommunikasjon i matematikk 2P handlar om at kursdeltakerne bruker matematisk språk i samtalar, argumentasjon og resonnement. Kursdeltakerne må få høve til å bruke matematiske representasjonar i ulike samanhengar gjennom eigne erfaringar og matematiske samtalar. Kursdeltakerne må få høve til å forklare og grunngi val av representasjonsform. Kursdeltakerne må kunne omsetje mellom matematiske representasjonar og daglegspråket og veksle mellom ulike representasjonar.

Abstraksjon og generalisering

Abstraksjon i matematikk 2P handlar om å bruke eit formelt symbolspråk og formelle resonnement. Generalisering i matematikk 2P handlar om at kursdeltakerne oppdagar samanhengar og strukturar og ikkje blir presenterte for ei ferdig løysing. kursdeltakerne må få høve til å utforske omgrep og symbol for å kunne uttrykkje resultat og samanhengar ved bruk av algebra og formålstenlege representasjonar.

Matematiske kunnskapsområde

Kunnskapsområda i matematikk 2P er knytte til kvardagen til kursdeltakerne, arbeidslivet og samfunnet. Kunnskapsområda dannar grunnlaget som kursdeltakerne treng for å utvikle matematisk forståing ved å utforske samanhengar innanfor og mellom dei matematiske kunnskapsområda.