Viklar

– I denne jobben er det ikkje rom for snarvegar, seier viklar Pål Bech Lind. Han monterer og held ved like elektriske motorar og generatorar for kundar i olje- og gassindustrien. 
Portrettfoto av viklar Pål Bech Lind
Pål Bech Lind, 32 år
Viklar
IKM Elektro AS på Sola, Rogaland
Intervjuet er mer enn to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter intervjuet ble publisert.
«Eg vil anbefale jobben for dei som liker variert arbeid som involverer ulike fag.»
― Pål Bech Lind
Publisert: 06.07.2020
«Eg vil anbefale jobben for dei som liker variert arbeid som involverer ulike fag.»
― Pål Bech Lind
«Eg liker at eg har moglegheiter for å reise til kundar både på landanlegg og offshore. Det gjer at eg kan skape gode relasjonar med kundane. »
― Pål Bech Lind

Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg hadde eigentleg planar om å bli elektrikar, men endra meining då eg fekk praksisplass gjennom skolen på ein viklarverkstad. Då fekk eg vite om faget eg tidlegare var ukjend med, og bestemte meg for å gå vidare i den retninga. 

Image
Viklar Pål Bech Lind står i ein verkstad og ser ned i ei verktøykasse. Ikledd svart t-skjorte.
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Dagen startar med å gå igjennom oppgåvene som er tildelt meg som teknikar i verkstaden. Eg monterer og held ved like elektriske motorar og generatorar for kundar i olje- og gassindustrien. Arbeidet er variert, i den grad at det finst fleire forskjellige typar elektriske motorar og generatorar, med ulike feil og problemstillingar som skal løysast. 

Eg jobbar både med det mekaniske og det elektriske. Vi bruker også fleire digitale verktøy som lettar arbeidsdagen. Dette gjeld alt frå flyten i verkstaden, til rapportar som blir utarbeida etter tilstandskontroll på kvar motor eller generator. 

Arbeidsstad kan også variere. Vi jobbar ein del ute hos kundar, både ved ulike landanlegg, offshoreinnretningar og boreriggar. Typisk arbeid kan vere lettare inspeksjonar, til tyngre overhalingskampanjar på større maskinar.

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du går VG1 Elektro, VG2 Elenergi, og deretter to år i lære før du tar fagbrev.

Elles vil eg seie at det er ein fordel å ha litt mekanisk bakgrunn, som for eksempel mekanisk grunnkurs. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Eg vil anbefale jobben for dei som liker variert arbeid som involverer ulike fag. Det passar også veldig bra for dei som liker å ha ein ryddig og strukturert kvardag med fokus på presisjon. Du må vere detaljert og nøyaktig som person. Og du vere tolmodig, for det er ikkje rom for snarvegar.

Kven passar ikkje dette yrket for?

– Jobben passar ikkje for «grovsmedar» som liker tunge ting som toler mykje juling, og kor presisjon ikkje er ein så viktig faktor. Eller dei som liker at arbeidsdagen har høgt tempo, kor ting skal snuast rundt fort, og kor det ikkje krevst høg nøyaktigheit. Kvaliteten på arbeidet er svært viktig, spesielt når vi arbeidar med eksplosjonssikkert utstyr. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Eg liker dei varierte arbeidsoppgåvene, og at eg har moglegheiter for å reise til kundar både på landanlegg og offshore. Det gjer at eg kan skape gode relasjonar med kundane. 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Det har blitt ein del «bruk og kast-mentalitet» også i dette faget. Det gjer at det blir færre av dei verkeleg kjekke arbeidsoppgåvene. Det gjeld for eksempel store viklingsjobbar, sidan det til tider lønnar seg meir for sluttkunden å kjøpe ny maskin.

Image
Viklar Pål Bech Lind ståande i ein verkstad kor han skrur på ein generator/motor.
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Det kjem heilt an på om du ønsker å spesialisere deg innan visse felt. Du kan gå i retning mekanisk, som for eksempel maskinering og sveising. Det er også store moglegheiter for å komme seg inn i ei prosjektstilling, om du ønsker å gå vidare administrativt. Det kan også opne seg dører for Offshore-rotasjon, eller servicegrupper, for dei som ønsker det.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Mellom 550 000 og 600 000 kroner i årslønn – alt etter kompetanse, ansiennitet og ansvarsoppgåver.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– I Noreg er ikkje dette eit veldig utbreitt fagområde, og det er ikkje så mange bedrifter som driv med det vi gjer. 

Men er det gode tider, vil jo også dette vise igjen på behovet i dei enkelte motorverkstadane. Så då gjeld det å vere «på ballen» om ein ønsker å gå denne yrkesretninga.

Ein ting er i alle fall sikkert. Elektrisk roterande utstyr, i form av motorar og generatorar, vil alltid vere til stades. Dyktige fagteknikarar innan dette området, både på verkstad og ute i felt, vil det dermed alltid vere behov for. IKM Elektro, kor eg jobbar, gir også medarbeidarane moglegheit til å ta fleire fagbrev. Har du for eksempel både viklarfagbrevet og elektrikarfagbrevet, opnar det seg med ein gong fleire moglegheiter.

Tilhørende utdanninger

Viklerfaget

Du lærer å produsere, montere, reparere og vedlikeholde elektriske maskiner.

Finn studier