Sosialantropolog
Kvifor valde du dette yrket?
– Heilt sidan eg skjønte at ikkje alle har det som oss i Noreg, har eg vore veldig fascinert av korleis menneske lever i andre land – og kva dei finn meining med i kvardagen sin. Då eg høyrde om sosialantropologi på slutten av vidaregåande, bestemte eg meg for at eg ville studere det – i alle fall eitt år. Til å begynne med syntest eg det var veldig vidt og svevande, men utover i studieløpet snevra det seg inn. Eg oppdaga blant anna det som kallast organisasjonsantropologi, som er veldig handfast. Det handlar om korleis organisasjonar har sine kulturar, og korleis du kan forstå dei sosiale prosessane på arbeidsplassen. Då gav det mykje meining og var veldig spennande – og plutseleg satt eg der med mastergrad. Då eg skreiv mastergraden, hadde eg begynt å tenke litt på jobb. Eg har alltid vore veldig opptatt av asylpolitikk og flyktningar. I masteroppgåva skreiv eg om tilsette på flyktningmottak, og om ulike roller og krysspress dei opplever. Eg fekk etter dette jobb som leiar på eit asylmottak, og har i tillegg vore biblioteksjef på eit lite bibliotek på Helgelandskysten, leia eit internkontrollprosjekt i same kommune og vore rådgjevar i NAV – før eg begynte som migrasjonsrådgivar her i Larvik. Sosialantropologi gir mange moglegheiter.
Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?
– Stillinga mi er oppretta av politikarane, som følge av at mange innvandrarar sleit med å forstå det kommunale apparatet og andre sider ved samfunnet. Det norske systemet kan vere vanskeleg å forstå, anten du er ein ikkje-vestleg flyktning eller ein vestleg arbeidsinnvandrar. Ved å ha ein person som er lett for innvandrarar å kome i kontakt med, uansett bakgrunn, er målet å hindre utanforskap.
Dagane mine består hovudsakeleg av samtalar med enkeltpersonar, som er innvandrarar i Larvik. Eg er også bindeledd mellom kommunale tenester og innvandrarar. Mange tilsette i kommunen tar også kontakt med meg når dei lurer på ting rundt migrasjon og kultur – det kan vere tema dei ønsker å formidle ut, eller enkeltsaker. Eg forsøker å vere ein brubyggjar. Lag og foreiningar tar også kontakt – av og til vil idrettslag at eg skal vere med på møte med foreldra for å informere om eit tema. Eg besøker også helsestasjonar. 12–13 prosent av innbyggarane her i Larvik har innvandrarbakgrunn, og mange ønsker å vite meir om kven disse er, og om rettigheiter og plikter.
Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?
– Du tar bachelorgrad eller mastergrad i sosialantropologi. Ei mastergrad gir langt fleire jobbmoglegheiter.
Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?
– Du må vere nysgjerrig og genuint opptatt av å forstå andre og verda ut frå deira ståstad. Du må også vere open for å sjå di eiga verkelegheit utanfrå. Som sosialantropolog får du eit anna blikk på ditt eige samfunn – og det ser ikkje alltid ut slik som du håper.
Kven passar ikkje jobben for?
– Viss du forventar at det ligg ein jobb og ventar på deg etter at du er ferdig med studiane, er det ikkje for deg. Dette er så langt frå eit profesjonsstudium som det går an å kome. Du må vere førebudd på å måtte selje deg inn, og å tilpasse faga til det du ønsker å jobbe med. Elles er det mange moglegheiter – så viss du er fleksibel og sjølvstendig, er det eit yrke for deg.
Kva liker du best med yrket ditt?
– Hovuddrivkrafta mi er at eg får møte mange ulike menneske med ulik bakgrunn – og forstå kva som gir meining for dei.
Som sosialantropolog har du i tillegg veldig mange moglegheiter – du er ikkje fastlåst til éin type stilling, og det liker eg.
Kva liker du minst med yrket ditt?
– I jobben eg har no, kor eg møter mange enkeltskjebnar, kan det vere vanskeleg å «skru av» – å skilje jobb og privatliv. Nokre saker er forferdelege og tøffe, og då kjenner eg på kor ekstremt heldige vi er. Jobben min er å rettleie – ikkje å hjelpe. Det kan vere vanskeleg.
For yrket generelt kan det også opplevast tungt for mange at du i stor grad må selje deg sjølv inn på arbeidsmarknaden.
Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?
– Som sosialantropolog er det eit hav av moglegheiter – sjølv om dei færraste arbeidsgivarar søkjer etter sosialantropologar. I stillingsannonsar blir det ofte etterspurt høgare utdanning innan samfunnsvitskapeleg retning. Bistand er eit klassisk felt for sosialantropologar – men i kommunal samanheng er det også mange moglegheiter viss du klarer å synleggjere interessene og kompetansen du har. Eg har jobba i seks ulike stillingar for tre ulike arbeidsgjevarar. Moglegheitene dukkar opp undervegs – du må berre vere open for det, og tole å stå litt i usikkerheita.
Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?
– Gjennomsnittslønna for rådgjevarar med samfunnsvitskapleg utdanning, ligg på rundt 650 000 kroner i året.
Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?
– Sosialantropologi-utdanninga er ei utdanning som er relevant for mange jobbar – det handlar som nemnd om å selje inn kompetansen på riktig måte, og å vere open for ulike tema. Erfaringa du får gjennom å skrive ei mastergrad – kor du analyserer og reflekterer rundt store mengder informasjon – er også ein kunnskap som mange arbeidsgivarar har bruk for, noko du må klare å formidle. Arbeidsmarknaden er ikkje den enklaste – men viss du klarer å synleggjere kva du kan, er det moglegheiter. Du må nok også vere open for å jobbe deg oppover.
Det er også fornuftig å engasjere seg frivillig i studietida – både innanfor temaa og oppgåvene du ønsker å jobbe med. I tillegg er det lurt å tenke på jobbmoglegheiter når du vel tema for masteroppgåva.
Tilhørende utdanninger
Sosialantropologi
Du lærer om feltarbeid, kultur, samfunn, hvordan mennesker kan forstå seg selv og hverandre og hvordan dette påvirker menneskers sosiale liv.
Finn studier