Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg valde dansen tidleg, for det er der eg føler meg heime. Eg jobbar både som utøvande dansar, koreograf og danselærar – slik mange dansekunstnarar gjer i dag. For meg heng alt dette nært saman. Som koreograf er det utruleg gøy å sjå noko bli til frå ein idé eller visjon. Eg får eit klart bilde og ein følelse av kva eg vil få fram i publikum. Å sjå korleis denne ideen først rører meg, deretter dei eg jobbar med, og til slutt publikum, er stort. 

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Den er veldig variert. Eg jobbar som danselærar på ein vidaregåande skole og eit dansestudio, og er tillegg ein del av eit dansekompani. Eg fungerer best når eg jobbar med mange ulike prosjekt parallelt, noko som nok er typisk for mange innan kreative yrke. 

Ein vanleg arbeidsdag kan starte med undervisning på danselinja. Deretter kan eg gløtte innom kostymelageret for å sjå på kostyma som skal brukast i ei førestilling. Når eg kjem heim, jobbar eg gjerne administrativt, for eksempel med å søke midlar til framtidige prosjekt. Så står eg i stova mi og planlegg koreografi og pedagogisk opplegg – etterfølgt av ei treningsøkt. To kveldar i veka underviser eg på dansestudioet. 

Eg lyttar også mykje til musikk for å bli inspirert. Finn eg musikken som treff meg, er koreografien der med ein gong. Skal eg setje opp større stykke, bruker eg mykje tid på å finne musikken som gjer at alt heng saman frå a til å. Det må treffe ei nerve. 

I dansekompaniet bytter vi på rollene vi skal ha, og her kan eg vere både koreograf, dansar og produsent. Som produsent har eg ansvar for alt rundt oppsettingane, som kan vere alt frå økonomi til plakattrykking. 

Tema for førestillingane eg jobbar med, har eit stort spenn, og det er veldig gøy. Det kan handle om alt frå psykisk helse til natur, og eg lagar stykke både for vaksne, ungdom og barn. Nå har vi nettopp fått støtte til eit stykke som handlar om barns bevegelsar og kjensler knytt til morsrolla. Inspirasjonen til denne førestillinga starta med dottera mi sine bevegelsar, som nå er 21 månadar. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Eg har ei bachelorgrad i dans frå Universitet i Stavanger, og er utdanna faglærar i dans. I tillegg har eg studert psykologi og personleg trening. 

Eg gjer som mange andre dansekunstarar i dag, og jobbar parallelt innanfor fleire felt innan dansefaget – både som utøvande dansar, danselærar og koreograf. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Mange kan nok lykkast som koreograf, men eg trur det er viktig å vere fleksibel, kreativ og open for å jobbe med mange ulike typar menneske. Du må også ha ein sterk indre driv og lidenskap for dette, og ha klare visjonar.

Å vere litt fryktlaus og tore å gå eigne vegar er ein fordel. Mange kjem til å synast at det du gjer, er rart, og mange vil synast at det er fint. Det tok nokre år å akseptere det, men erfaring gir mykje tryggleik. Showbusiness-bransjen kan vere tøff, og konkurransen er hard. Då er det gull verdt å vere tilknytt eit dansekompani, slik at du ikkje står heilt aleine.

Dersom du verkeleg vil ha stabilitet og ein føreseieleg 8 til 16-jobb, passar du nok ikkje for denne jobben. Det er ingen fysiske føresetnadar for å jobbe som koreograf – har du dei rette dansarane, kan du vere akkurat den du er, også med ulike handikap. Dei fleste er likevel medskapande dansarar. Tidlegare var det meir vasstette skott mellom koreografen og dansarane.

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Det å røre folk er det eg liker best med jobben min. Å oppleve at noko skapast frå ein idé eg har – og at denne ideen kan sette i gong ein endringsprosess både hos meg, dei eg jobbar med og publikum. Har eg skapt eit godt produkt, skal det gi ein eller annan form for reaksjon – enten positiv eller negativ. 

Kva liker du minst med yrket ditt?     

– Det er nok utryggleiken i yrket. Du har kanskje ein brennande følelse for ei førestilling du vil sette opp. Du søker midlar og må vente lenge på svaret – og så får du kanskje avslag. Det er kjedeleg, og då må du klare å få opp motivasjonen igjen. 

Image
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Mange koreografar jobbar ved dei større scenene, ved ulike kulturinstitusjonar og på skolar. Mange er sjølvstendig næringsdrivande og lagar sitt eige varemerke med sin eigen stil. Du kan også bli leigd inn for å skape stykke for scener, kompani eller større produksjonar. 

Det finst i tillegg mange andre moglegheiter for koreografar. Vi jobbar med heile mennesket, både kropp, medvit, fysisk aktivitet, refleksjon og kreativitet. Det kan du ta i bruk på alt frå små barn til eldre, og du kan bruke dei same verktøya på profesjonelle aktørar som du gjer på mannen i gata. Du må berre opne auga og sjå parallellane.

Å lære folk korleis dei kan jobbe kreativt og med improvisasjon, er kjempegøy. Du opnar eit nytt rom i dei, og kan lære dei å sjå moglegheiter og vere til stades på ein heilt annan måte. Å jobbe med koreografi har både leik og mindfulness i seg. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det er eit stort spenn. På www.norskedansekunstnere.no finn du ein ansiennitetstabell som er veldig fin for dansarar, dansepedagogar og koreografar. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Om du er fleksibel og har litt fleire bein å stå på, er sjansane store for å få jobbar som får ballen til å rulle. Som koreograf må du på ein måte også vere ein seljar, for du sel produktet ditt – koreografen viser sitt eige uttrykk og utviklar ein eigen signatur etter kvart.

Det er nok også ein fordel å ha jobba som dansar sjølv og kjenne til yrket, som du også kan kombinere med danseundervisning og andre typar prosjekt, der du blir kjent med feltet. Har du den indre driven, så klarar du det. Det er nok av ressursar og moglegheiter i Noreg til å lykkast – du må berre løfte blikket får å sjå dei. 

Eg gjer som mange andre dansekunstarar i dag, og jobbar parallelt innanfor fleire felt innan dansefaget
Å vere litt fryktlaus og tore å gå eigne vegar er ein fordel.