Kvifor valde du dette yrket? 

– På eit eller anna tidspunkt medan eg gjekk på skolen, fann eg ut at eg var interessert i handverk og verkstadteknikkar. Då prøvde eg å finne ut kva for nokre jobbmoglegheiter ein har med dei interessene, og kom fram til konservator. Eg var utplassert i to veker hos ein konservator i heimlandet mitt, Tyskland. Dei oppfordra meg til først å ta ei utdanning for å lære grunneggande teknikkar innan treverk og handverk. Eg tok derfor møbelsnikkarutdanning. Ønsket om å jobbe med gamle gjenstandar blei stadig sterkare, og derfor bestemte eg meg for å utdanne meg vidare til konservator for møblar og treverk. 

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Dagane mine er veldig varierte. Når eg kjem på jobb, tar eg gjerne først ein kontorrunde, kor eg går inn på dataen og sjekkar luftfuktigheita og temperaturen på magasina. Den skal vere riktig for å forhindre nedbryting av gjenstandane. Deretter går eg ofte vidare med tilstandsvurderingar av gjenstandar. Enten dei skal på magasin, ut på utstilling eller dei kjem tilbake frå utstilling. Vi har ein digital database kor alle gjenstandar er registrert. Eg kontrollerer at riktig materiale er registrert, og vurderer nedbrytingsprosessar og skadar som for eksempel rust, hol, sprekker, stivna skinn, skadedyr og muggsopp. Eg sjekkar om gjenstandane har forandra seg, og i så fall kva, og om dei er stabile. Her er det alle moglege museumsgjenstandar, frå små myntar til tekstil, maleri og møblar.  

Etter tilstandsvurderinga pakker eg gjenstandane inn i syrefrie esker, og skriv ut ein lapp med strekkode som blir festa med hyssing på kvar enkelt gjenstand og kolli. Skal dei i magasin, leverer eg dei dit og registrerer plasseringa der. Viss eg jobbar med utstillingsførebuingar, vurderer eg om tilstanden må gjerast noko med. Då begynner den aktive konserveringsdelen. Den består gjerne av sikringsoppgåver, som å lime på plass maling som begynner å losne, lime konstruksjonsdelar for at ikkje noko forsvinn, og retusjere tap med passande middel for at skaden ikkje blir så synleg. 

Eg gir også ein del råd til for eksempel historielaga, som ofte kjem med spørsmål om korleis dei best mogleg kan oppbevare gjenstandar. Eg har i tillegg enda fleire oppgåver, men dei eg har beskrive her, er dei vanlegaste.

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?    

– I Noreg finst det bachelor- og masterutdanning i konservering. Sjølv har eg mastergrad frå Tyskland. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Du må vere tolmodig og nøye. Du bør vere open for innspel og ha gode samarbeidsevner, for det du gjer, er alltid i eit samspel med andre. Du må også vere interessert i materiale og materialeigenskapar, og i kjemiske prosessar. Viss du ikkje liker å jobbe med hendene og på detaljnivå, trur eg ikkje du vil trivast i dette yrket. Du bør heller ikkje vere redd for småkryp, for både edderkoppar, møll og skjeggkre er ein del av konservatoren sin kvardag. 

Image
Lisens
1

Kva liker du best med yrket ditt?    

– At det er så mangfaldig, og at du kjem i kontakt med mange menneske med same fascinasjon for faget. Eg liker også å vere så tett på gjenstandane og kulturarven. Det er spennande å kunne vere så nær dei gamle handverkstradisjonane. Du oppdagar også mykje nytt og kan hente fram informasjon som har vore tapt. For eksempel tekst som ikkje lenger kan lesast, som du gjennom riktige teknikkar kan hente fram og på den måten legge til rette for forsking. 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Vanskeleg spørsmål, for det er ein fascinerande og mangfaldig jobb. Men det eg liker minst, er nok at du ofte må gå på kompromiss. Du har ikkje alltid god nok tid til å gjere alt du skulle ønske du kunne gjere. Det finst så mykje forsking, og det er ikkje alltid så lett å sette seg inn i alt som kjem, og inkludere det i arbeidskvardagen. Eg skulle hatt fleire hjernar og fleire hender!  

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Du kan jobbe både i offentleg og privat sektor. I Noreg jobbar nok dei fleste konservatorane i museumssektoren, enten fast eller på prosjektbasis. Riksantikvaren og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) har også konservatorar. Du kan i tillegg vere sjølvstendig næringsdrivande. Då driv du ofte mest med den aktive delen av konserveringa, og blir leid inn av for eksempel kyrkjer og historielag for å konservere ein gjenstand. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?  

– Det er vanskeleg å seie, for det er avhengig av kva for ein sektor du er  tilsett i, og kor i landet. Men årslønna ligg for mange på rundt 550 000 kroner.  

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Det er nok ikkje så lett. Eg hadde litt flaks som fekk fast stilling her. Mange jobbar på prosjektbasis. Men er du litt fleksibel, er det nok moglegheiter for å komme inn i faste stillingar via prosjektstillingar. Du kan også starte for deg sjølv. Det er uansett ein fordel å ha eit nettverk, for eksempel ved å delta på ulike konferansar, og å ha erfaring frå ulike prosjekt. 

 

 

 

Du oppdagar også mykje nytt og kan hente fram informasjon som har vore tapt – for eksempel tekst som ikkje lenger kan lesast.
Viss du ikkje liker å jobbe med hendene og på detaljnivå, trur eg ikkje du vil trivast i dette yrket. Du bør heller ikkje vere redd for småkryp, for både edderkoppar, møll og skjeggkre er ein del av konservatoren sin kvardag.