Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg engasjerer meg for teaterfaget og ønska å vere tett på arbeidsprosessen når ein produserer teater. Som inspisient er du til stades på prøvar heile vegen og køyrer framsyninga i heile speleperioden. Du får moglegheita til å følge ein produksjon frå start til slutt.

I tillegg får du jobbe tett med andre kollegaar, og saman arbeide for å oppnå eit felles mål. Dette samarbeidet er for meg ein veldig givande prosess. 

Eg har frå ung alder drive med teater og fekk derfor tidleg oppleve gledene det gir. At eg skulle ende opp som inspisient, var ikkje alltid planen, men meir eit resultat av moglegheiter eg fekk, og val eg tok på vegen. Eg er veldig glad for at det er her eg har hamna. 

Image
Inspisient Rebecca Lilleengen sit i inspisientboksen med øyretelefonar på hovudet og følgjer med på ein skjerm.
Lenke
Signe Steinnes
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Arbeidsdagen kan variere mykje som inspisient. Du kan vere inne i ei tid med planlegging, prøver, framsyningar og tidvis både prøvar og framsyningar. I tillegg har produksjonane du jobbar med, ulike behov, og dine arbeidsoppgåver er også eit resultat av produksjonen sitt innhald og omfang.

I prøveperioden er inspisienten instruktøren si høgre hand, og hjelper til med det som trengst for å gjennomføre dei planlagde prøvane. Eg er på plass i god tid før prøven startar og sørger for at vi har alt vi treng. I denne tida snakkar eg også ofte med andre som arbeider på produksjonen – som sceneteknikarar, scenograf, rekvisitør, maskør eller produksjonsmedarbeidarar. Det er fleire ledd involvert i å produsere teater, og behova kan vere mange.

På prøvar sit eg tilgjengeleg i prøverommet viss det skulle dukke opp behov undervegs, og eg tar ansvar for at informasjon frå prøvane kjem fram til dei involverte avdelingane.   

Delar av arbeidstida går også med til planlegging av prøveplanar og møte og kommunikasjon med ulike avdelingar på e-post eller telefon. I samarbeid med instruktøren lagar eg prøveplanane for kvar veke, kor det står oppført kva vi skal jobbe med. Viss det er andre type prøvar som skal gjennomførast – som kostymeprøve, maskeprøve eller liknande – legg eg også opp til dette i planen, i samarbeid med dei involverte avdelingane. 

I prøveperioden har inspisienten hos oss også dialog med skodespelarane om alt prøverelatert, og sørger for at tariffavtalane blir følgt. Det er inspisienten si oppgåve å sørge for at alle har informasjonen dei treng, slik at produksjonen si praktiske framdrift blir overheldt. 

Under speleperioden når framsyningane går for fullt, fungerer inspisienten som framsyningsleiar. Inspisienten skal sørge for at framsyninga blir gjennomført som planlagt. Det er mitt ansvar å gå over scenen og sjekke at alt er klargjort til start og at alle som skal jobbe der er på plass og klare før framsyninga startar. Eg stoppar også framsyninga om det skulle skje noko uventa og vi ikkje kan spele vidare.

Ved sceneskift gir inspisienten signal til for eksempel teknikarar og skodespelarar, slik at skiftet skjer samtidig. Du må også hjelpe til å dekke andre behov. Inspisienten kan i tillegg ha som oppgåve å spele av lydeffektar. Med andre ord kan du forvente deg variasjon i arbeidsdagen. 

Om du er i ein periode kor du har framsyning på kvelden, og prøvar til ein annan produksjon på dagtid, jobbar du med to produksjonar parallelt og har både dag- og kveldsjobbing. Dette gjeld i periodar.

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Det er ikkje nødvendig med ei formell utdanning for å kunne jobbe som inspisient. Det finst likevel mange studium du kan bruke som eit grunnlag. Ved Oslo Nye Teater er nokon av inspisientane utdanna ved LAMDA i London, men eg har også kollegaar som er utdanna her i Noreg – og alle har i tillegg god arbeidserfaring frå feltet. 

Sjølv er eg utdanna ved Musikkteaterhøyskolen i Oslo. Denne utdanninga er for deg som ønsker å vere utøvande innan scenekunst og musikkteater. Parallelt med studiet jobba eg på ulike prosjekt som inspisient og produksjonsassistent for å hente erfaring. Etter utdanninga valde eg å satse i denne retninga og arbeidde som frivillig, frilansar, og ved Teater Innlandet på Hamar – før eg begynte i jobben hos Oslo Nye Teater, kor eg jobbar nå. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Eg vil anbefale deg å prøve inspisientyrket om du er glad i å jobbe med menneske, engasjerer deg for teater og har god forståing for organisering. Du bør vere klar for raske omstillingar, kunne halde i fleire oppgåver samtidig, kommunisere godt med andre, vere tydeleg og kunne handtere eit høgt arbeidstempo. Ei god innstilling er også viktig som inspisient. Det er ein fordel å vere positiv og klar for å møte det arbeidsdagen har å by på.

Kven passar ikkje jobben for? 

– Som inspisient bør du ha forståing og interesse for teater. Om du ikkje har det, bør du satse på eit anna yrke. Viss du også liker best å jobbe aleine, og misliker planlegging og koordinering, er ikkje dette jobben for deg.

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Det er laginnsatsen i teateret som inspirerer meg, om som er noko av det beste med yrket mitt. Eg liker også å jobbe mykje, og trivst med ein variert arbeidsdag. I tillegg må det seiast at eg er utruleg glad i, og ser stor verdi av, teateret. Det er ein fantastisk stad å jobbe! 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Viss eg må velje noko, vil eg seie at det er – som ved fleire yrke – periodar kor det kan vere ei stor arbeidsmengd og lange dagar. I dei verste periodane kan det vere krevjande.

Image
Inspisient Rebecca Lilleengen sit i inspisientboksen med øyretelefonar på hovudet. Ho sit framfor ein skjerm som viser seteradene på teateret.
Lenke
Signe Steinnes
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Som inspisient kan du jobbe med scenekunst i mange samanhengar. Alt frå institusjonsteater til frigrupper, opera eller spel. På sikt vil du kanskje også kunne ta på deg andre roller innan produsering – for eksempel som produsent eller produksjonsleiar. 

Du kan også ta med deg erfaringa di inn i arbeid med festivalar eller andre kulturarrangement. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Du kan forvente ei årslønn på 450 000–500 000 kroner når du jobbar i ei 100 prosent, fast stilling, avhengig av overtidsarbeidet. Er du frilansar, er det lurt å sjå på anbefalte satsar frå Norsk Teaterinspisientforening og Creo. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Det er ikkje så mange faste stillingar som inspisient. Mange jobbar på korte kontraktar, anten som sjølvstendig næringsdrivande, eller ved ulike teater- og operahus. Denne arbeidserfaringa er også viktig om du er interessert i ei fast stilling på sikt. 

Moglegheitene er ofte større i dei store byane fordi det er fleire scener å jobbe på her. Det er ikkje dermed sagt at du må bu i Oslo – Noreg har gode regionteater i heile landet. Det må litt tolmod og stå-på-vilje til om du ønsker fast jobb, men på vegen dit er gleda ved jobben mange.

Tekst:
Signe Steinnes
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter intervjuet ble publisert.
 Eg engasjerer meg for teaterfaget og ønska å vere tett på arbeidsprosessen når ein produserer teater. Som inspisient er du til stades på prøvar heile vegen og køyrer førestillinga i heile speleperioden.
Det er laginnsatsen i teateret som inspirerer meg, om som er noko av det beste med yrket mitt. Eg liker også å jobbe mykje, og trivst med ein variert arbeidsdag.