På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar,
gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange
fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra
til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi
at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt
deg og for globale spørsmål.
Det handlar om å la draumane bli verkelege - eller kanskje du treng nye draumar? Vi ønskjer å utfordre deg til å ta skritt framover i ditt eige liv. Stå på eigne sterke bein.
Vi kallar det Verdensmeister i eige liv.
På Sunnfjord Folkehøgskule trur vi på variasjon og ulikskap. Difor har vi forskjellige linjer, og du vil dermed møte mange ulike typer menneske. Du lærer alltid av dei som ikkje er som deg sjølv. Du vil heilt sikkert møte mange folk som ikkje er som du, med andre interesser, anna tru og annan stil. Altså heilt vanlege folk.
Utdanningstilbud
Tittel Sort ascending | Interesser |
---|---|
E-sport Aktiv | Multisport, Trening og kosthold, Media og kommunikasjon |
Dans Idrett, vår 2025 | Friluftsliv, idrett og sport, Dans |
Dans Idrett, vår 2024 | Trening og kosthold, Musikk, scene og teater, Idrett, Teater, drama, revy, musikal |
Dans Idrett, haust 2024 | Trening og kosthold, Musikk, scene og teater, Idrett, Teater, drama, revy, musikal |
Dans Idrett | Scenografi, kostyme, teatersminke, Multisport, Sør-/Mellom-Amerika, Musikk, scene og teater |
Beach & Volleyball | Trening og kosthold, Friluftsliv, idrett og sport, Ballidretter, Europa |