Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Sørøst-Norge
.


Om studiet
Vil du lære meir om bunad, folkedrakt og kulturhistorie? Dette deltidsstudiet ved campus Rauland gir deg teoretisk og historisk innsikt i draktskikkar, bunadsbruk og bunaden som kulturarv.
Kvifor velje dette studiet?
Har du praktisk erfaring med bunad eller folkedrakt og ønskjer å styrkje den faglege kunnskapen din? Eller vil du kombinere studiet med annan kulturhistorisk utdanning? Studiet gir deg ei unik moglegheit til å fordjupe deg i tradisjonelle draktskikkar og bunadsbruken i eit kulturhistorisk perspektiv.
Dette lærer du
Studiet består av to emne:
- Folkedraktkunnskap og drakthistorie
Du får innføring i lokale draktskikkar, kulturhistoriske samanhengar og metodar for arbeid med folkedrakt. - Bunadhistorie, rekonstruksjon og revitalisering
Her ser vi på bunadshistoria gjennom 1900-talet og korleis ideologiar og samfunnsstraumar har forma bunadsbruken vi kjenner i dag.
I tillegg blir det samlingar med eksterne forelesarar frå ulike delar av fagfeltet og ei studiereise til Norsk institutt for bunad og folkedrakt på Fagernes.
Jobbmoglegheiter
Studiet gir relevant kompetanse for arbeid som:
- Kunst- og kulturhistorikar
- Museumstilsett
- Lærar
- Designar
- Kostymemakar
- Bunadtilverkar
Kontakt med arbeidslivet
Det vil bli eksterne forelesere fra ulike deler av feltet. Det blir og en samling på Norsk institutt for bunad og folkedrakt på Fagernes.
Vidare utdanning
Studiet kan inngå i ein bachelorgrad eller takast som vidareutdanning.