Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Profesjonsstudium
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
360
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • 58.00 (primær)
  • 67.00 (ordinær)
Studieplasser: 87
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 184941

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. juli 2023.

Om studiet

Kvifor oppfører vi oss som vi gjer i ulike sosiale situasjonar? Korleis tenkjer, hugsar og lærer vi? Korleis kan vi forstå avvikande åtferd, og korleis kan vi endre åtferd? Finst det nokon resept mot psykiske problem? Gjennom profesjonsstudiet i psykologi får du kunnskap om dei ulike områda av psykologien og om det vitskaplege grunnlaget for metodane i faget. Du lærer om menneskets normale åtferd og utvikling, psykiske lidingar og avvikande åtferd. Det blir lagt vekt på både teoretisk, praktisk og etisk kunnskap, og du får klinisk erfaring på ulike område. Studentane si eiga utvikling gjennom studiet er viktig, og mykje tid går med til gruppesamtalar og individuell terapi. Studiet skal gjere deg i stand til å drive psykologisk praksis. Du skal kunne forstå, førebygge og behandle psykiske lidingar, og kunne utføre dei viktigaste formene for psykologisk arbeid med menneske i alle aldrar.

Profesjonsprogrammet i psykologi er eit studium på 6 år. Det er eit integrert akademisk og praktisk studium på høgare nivå, og det kvalifiserer for søknad om autorisasjon som psykolog etter bestått utdanning som omfattar 360 studiepoeng. Utdanninga bygger på «scientist-practitioner»- modellen (Boulder-modellen) og Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning. Studiet er eit heiltidsstudium.

Studiet skal bringe fram breitt kompetente allmennpraktiserande psykologar som skal kunne ta ansvar for psykisk helse i eit heilskapleg perspektiv. Samtidig skal det gi kandidatane grunnlag for livslang læring, spesialisering og forskarutdanning. Gjennom kontinuerleg integrasjon av anvende fag og basalfag, etikk, forskingsmetode, ferdigheitstrening og praksis fører utdanninga fram til graden cand.psychol. (jf. Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning § 2).

Studiet skal sikre samfunnet kandidatar som har kunnskapar, haldningar og ferdigheiter som er naudsynte for forsvarleg utøving av psykologyrket.Kandidaten skal på sjølvstendig grunnlag kunne anvende denne breie kompetansen til å forstå, greie ut, diagnostisere, behandle og evaluere psykologiske problem hos individ, familiar og grupper, samt til å drive helsefremmande og forebyggande arbeid. Dette tilseier at undervisninga i størst mogeleg grad skal vere forskingsbasert, fagleg oppdatert og tilpassa det behovet befolkninga har for ulike typar psykologtenester.

Programmet er eit seksårig integrert studium som byggjer på ulike temaområde innanfor psykologi og tilgrensande område. I studiet vert følgjande tema med betydning for utøving av psykologyrket samordna og utdjupa:

Praktiske/kliniske tema i psykologisk arbeid

  • Profesjonell og etisk haldning i psykologfagleg arbeid
  • Utgreiing og diagnostikk
  • Psykologisk utgreiing og behandling
  • Helsefremming
  • Utviklingsarbeid: Forbetring av psykologtenester
  • Kommunikasjon og leiing
  • Psykologrolla
  • Organisasjons- og systemforståing

Akademiske/forskingsbaserte tema

  • Psykologiske basaldisiplinar og teoretiske tilnærmingar i psykologi
  • Anvende område i psykologi
  • Vitskapsteori og overordna metodespørsmål
  • Psykologiens historie
  • Metodar for datainnsamling og databehandling
  • Vitskapleg kommunikasjon og akademisk formidling

Karrieremuligheter

Studiet kvalifiserer for søknad om autorisasjon som psykolog etter bestått utdanning. Autorisasjonen blir tildelt av Helsedirektoratet.

Dei vanlegaste arbeidsområda er innan helsevesenet, forsking og undervisning, skuleverket, organisasjonar, sosialsektoren og i private verksemder.

For tida er det mangel på psykologar i mange sektorar, både i det offentlege og private, og arbeidsmarknaden er derfor god for nyutdanna psykologar.

Kvalifikasjon/tittel

Candidatus psychologiae/Candidata psychologiae

Alle utdanninger innen