Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

12. desember 2024.

Om studiet

Mens tradisjonelle media distribuerer informasjon og redaksjonelt innhald som gjer det mogleg for opplyste borgarar å delta i den offentlege debatt, er det i dag ein økt førespurnad etter nye tekniske løysingar, nye format for publikumsdeltaking og brukargenerert innhald. Som en konsekvens blir nye verdiar knytt til produkt, applikasjonar og system. Dei vil appellere til brukaranes kjensler og opplevingar, og kan innrettast på ei rekkje publikumsgrupper.

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign handlar om å laga teknologiske løysingar for mediebruk og medieproduksjon. Med fokus på brukarsentrerte perspektiv på korleis mediebrukarar samhandlar med medieinnhald og -teknologi, og på korleis medieprodusentar samhandlar med teknologi og verkty som hjelper deira praktiske arbeid, gjev masterprogram i medie- og interaksjonsdesign studentane ei bransjenær utdanning, som gjer dei i stand til å konstruere prototypar på nye medium, og evaluere brukaropplevingane til mediebrukarar og profesjonelle, og på denne måten utvikle effektive og engasjerande løysingar, inklusiv multiplattform-løysingar, mellom brukarar og media.

Studentane vil få moglegheita til å utforske etablerte så vel som innovative medieteknologiar og sjangrar, og vil få erfaring med ulike designmetodar knytt til nye media. Masterprogrammet er ei tverrfagleg utdanning basert på human-computer interaction (HCI), brukaroppleving- og publikumsstudiar, og eksperimentell utprøving av prototypar (mediedesign). Programmet vil gje studentane praktiske, analytiske, metodologiske og teoretiske ferdigheitar innafor interaksjonsdesign for digitale media.

Masterprogram medie- og interaksjonsdesign er eit teoretisk og metodisk forankra universitetsstudium som legg vekt på problembasert læring gjennom idéworkshops, teknisk opplæring, samarbeid i grupper, sjølvstendige studiar og akademisk refleksjon knytt til eigen og andre si praksis. Ytterlegare spesialisering skjer gjennom individuelt og kollaborativt arbeid knytt til masterprosjektet. Masterprosjektet er ein prototype, innhaldsproduksjon eller brukarstudie som blir akademisk evaluert gjennom ei individuelle eller gruppebasert masteroppgåve.

Kvalifikasjon/tittel

Master i medie- og interaksjonsdesign