Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

Masterprogrammet i sosiologi gjer ei brei orientering om arbeidsfelt, teoriar og metodiske tilnærmingsmåtar i faget. Masterprogrammet kombinerer generell teori- og metodekunnskap med individuell fordjuping.

Masterprogrammet svarer til i alt 120 studiepoeng der kursdelen utgjer 5 emne à 10 studiepoeng. Følgjande emne er obligatoriske: SOS301 Sosiologisk analyse, SOS302 Sosiologiske teoritradisjonar, SOS303 Metode - statistisk analyse og SOS304 Metode- kvalitative tilnærmingar og SOS340 Prosjektutvikling. I tillegg skal studenten velje eitt emne knytt til instituttet sine profilområder.

I undervisning og forsking ved instituttet har dimensjonane kjønn, makt og ulikskap stått sentralt. I tillegg vert det arbeida mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering. Dei følgjande problemområda er dei mest sentrale i den faglege aktiviteten ved instituttet:

  • Velferd, ulikskap og livsløp
  • Migrasjon, utvikling og miljø
  • Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi

Kvalifikasjon/tittel

Master i sosiologi

Alle utdanninger innen