Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

14. mars 2022.

Om studiet

Samanliknande politikk er ei av greinene i statsvitskap. Medan statsvitskapsstudiet generelt kan omfatte alle dei fire faggreinene samanliknande politikk, internasjonal politikk, politisk teori og offentleg politikk og administrasjon, konsentrerer masterstudiet i samanliknande politikk seg om denne eine retninga der samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt. Samanliknande politikk er det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosesser og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan.

Masterstudiet tek for seg eit breitt spekter av teoretiske, metodiske og empiriske tema, og land-/regionspesifikke fordjupingar på eit avansert nivå. Desse tema er brukt både på landspesifikke studium, og på breie tverrnasjonale studium som analyserar ei rekkje former for kvalitative og kvantitative data. Programmet legg spesielt vekt på opplæring i å utforma, og gjennomføra, forsking på politisk utvikling, politiske institusjonar og politiske aktørar på aggregatnivå så vel som individnivå.

Programmet legg særleg vekt på opplæring i forskingsdesign og forskingsmetodar (kvalitative, kvantitative og blanda) på både kursnivå så vel som i masteroppgåva. Studentane er involvert i forskingsgruppa til instituttet saman med dei vitskapelege tilsette både gjennom valkurs og gjennom aktiv gruppedeltaking i arbeidet med masteroppgåva.

Kvalifikasjon/tittel

Master i sammenliknende politikk

Alle utdanninger innen