Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Universitetet i Bergen

Nivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Studietempo

Heltid

Om studiet

Formålet med ernæringsstudiet er å gje studentane det teoretiske, vitskaplege, praktiske og yrkesetiske grunnlaget som er nødvendig for å utøve yrket som klinisk ernæringsfysiolog.

Masterprogrammet i klinisk ernæring er delt i ei klinisk og ei forskingsretta del.

Første studieår i masterprogrammet bygger vidare på teoretisk kunnskap tileigna frå bachelorprogram i human ernæring, og setter dette inn i klinisk kontekst med behandling av pasientar i helseinstitusjonar. Studentar lærer å vurdere ernæringsrelaterte problemstillingar, sette ernæringsdiagnosar, utarbeide ernæringsplanar og behandle pasientar i samarbeid med anna helsepersonell.

Andre studieår gjennomfører kandidaten eit sjølvstendig vitskapleg arbeid under rettleiing i form av ei masteroppgåve med 4 veker klinisk praksis. Det forskingsretta arbeidet inkluderer å løyse ei praktisk problemstilling, handsame eigne data, og på grunnlag av dette gje ei skriftleg og munnleg framstilling av hypotesar, resultat, diskusjon og konklusjonar.

Kvalifikasjon/tittel

Master i klinisk ernæring

Alle utdanninger innen