Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

10. oktober 2024.

Om studiet

Masterprogrammet i kinesiske studium er eit fulltidsstudieprogram over fire semester. Kursa som vert tilbydd eller inngår i programmet er laga for å utvikle studenten sine kunnskapar, ferdigheiter og kompetansar i ulike felt knytt til studiet av Kina. Masterprogrammet i kinesiske studium inneheldt nylaga kurs som fokuserer på tema innan kinesisk språk, litteratur, kultur og samfunn. Tema dekka i studiet gir grunnlag for kompetansar som er generelt etterspurt i samfunnet og spesialiserte fagkompetansar som språk, litteratursøk, kritisk tenkjing og analyse, språklæringspedagogikk, tverrfagleg og interkulturelt samarbeid og kunnskapsformidling.

Kva gjeld læringsmål, så vil studenten etter å ha fullført masteremna ha
1) tileigna seg djupnekunnskap om akademiske teoriar og metodar for feltstudier
2) lært analytiske ferdigheiter om kritisk kjeldevurdering, evaluering og samanlikning av etablert teori, og nytte relevante forskingsmetodar for å gjennomføre sjølvstendig forsking og kunne bidra med nye og innovative funn 3) ha kommunikative ferdigheiter til å kunne diskutere og drøfte akademiske problemstillingar med bruk av fagspråk og fagets nemningsbruk.

For å kunne gradvis forbetre studentane sine språkferdigheiter så dei evnar å omsetje, granske og vurdere kinesiske kulturelle og akademiske produkt, vil kursa integrere kinesiskspråklege kjelder, både primærkjelder og sekundærkjelder. For å setje studentane i stand til å kunne gjere uavhengig forsking og bidra med nye og innovative funn basert på kinesiske primærkjelder, vil studentane eksperimentere med akademisk litteratursøk i kinesiske databasar, gjere datainnsamling gjennom det kinesiske internettet og kinesiske sosiale medium, og lære å kritisk vurdere desse ulike kjeldene.

Det strukturelle oppsettet av masterprogrammet er 120 studiepoeng og er sett saman av to hovuddelar: emne (60 poeng) og masteroppgåve (60 poeng).

Det er fire obligatoriske emne som vert tilbudd av fagmiljøet i kinesisk, og eit valfritt emne som kan veljast frå ei førehandsgodkjent liste over valfrie emne på Det humanistiske fakultet eller andre fakultet.

Studentane vert oppmoda om å finne eit forskingstema for masteroppgåva og skrive rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i det andre semesteret.

Kvalifikasjon/tittel

Master i kinesiske studier

Alle utdanninger innen