Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

I informasjonsvitskap gjer ein empiriske studiar av informasjonssystem og aktivitetar knytte til slike, både med kvalitative og kvantitative metodar. Det som likevel kjenneteiknar faget mest, er at vi i vår forsking prøver å utvikle og forbetre informasjonssystema ved å faktisk designe ei forbetring, for eksempel i form av eit dataprogram, ein database, ein nettstad eller liknande.

Mastergradsstudiet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Studiet utviklar evna di både til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til rettleia IKT-forsking. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag både for yrkeslivet og for vidare doktorgradsstudium i informasjonsvitskap.

På masterstudiet i informasjonsvitskap tar du kurs i to semester før du skriv ei sjølvstendig vitskapeleg masteroppgåve i løpet av to semester. Vanlegvis vil alle kursa du tar vere innan informasjonsvitskap. Også desse kursa har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver. Det er difor heller ikkje mogleg å ta eksamen i informasjonsvitskap på masternivå som privatist.

Masterstudiet i informasjonsvitskap byggjer vidare på bachelorstudiet. Masterstudiet styrkjer og vidareutviklar studenten sine praktiske og teoretiske kunnskapar, analytiske evner og kritiske kompetanse i forhold til informasjons- og kommunikasjonsteknologiar og deira historiske, aktuelle og moglege føresetnader og funksjonar i høve til individ, grupper, institusjonar, organisasjonar og samfunn. Studiet utviklar evna til sjølvstendig problemløysing og utviklingsarbeid, og kvalifiserer for varierte arbeidsoppgåver innan IKT-området.

Studiet utviklar studenten si skriftlege og munnlege formuleringsevne, og gir trening i vitskapleg arbeid og framstilling gjennom skriving av ei masteroppgåve. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid skrive under rettleiing, og føreset kjennskap til vitskaplege vurderings- og kvalitetskriterium og forskingsetikk. Gjennom arbeidet med masteroppgåva har studenten utvikla og demonstrert evne til å formulera klare problemstillingar, trekkja inn relevant kunnskap og forsking på det aktuelle feltet, samla og systematisera eit større empirisk materiale og å analysera dette materialet i lys av ei sjølvvalt problemstilling. Gjennom grunngjeving av eigne teoretiske og metodiske hovudval, og bruk av teoriar og teoretiske omgrep i analyse av eit konkret empirisk materiale, har studenten dokumentert evne til sjølvstendig arbeid og kritisk refleksjon.

Masterstudiet har vidare utvikla studenten sine evner til raskt å setja seg inn i nye problemstillingar, tileigna seg ny fagkunnskap og å bruka denne kunnskapen i sjølvstendig analyse av yrkesfaglege og samfunnsmessige problemstillingar.

Kvalifikasjon/tittel

Master i informasjonsvitenskap