Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Masterprogrammet i arkeologi er eit toårig studium som byggjer på bachelorgraden, med ei spesialisering i arkeologi på minimum 90 studiepoeng. Masterprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng, og femnar både praktisk og teoretisk arkeologi. Det tek sikte på å øve opp studentane si evne til tverrfagleg, systematisk og kritisk tenking. Gjennom kurs, seminar og det individuelle arbeidet med masteroppgåva skal studenten få god innsikt i arkeologisk problemformulering, teoridanning og forskingsmetode, og lære seg å meistre vitskapleg analyse og tolking innan arkeologifaget.
Arkeologi ved Universitetet i Bergen har ein norsk, nordisk og internasjonal profil. Det blir lagt særleg vekt på den heimlege og nordiske fortida, som blir studert i eit vidare geografisk perspektiv i dei forskjellige periodane. Studietilbodet i Bergen skil seg ut ved at undervisninga ikkje berre dekkjer norske og skandinaviske tilhøve, men dekker og klassisk arkeologi. Arkeologane ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er engasjert i prosjekter i Vest-Noreg, Fennoskandia, Nordvest- Russland og Nordatlantiske ormåder i nord, og sørover til Middelhavsområdet og Sør-Afrika. Felles for forskinga er at lokale prosesser og hendingar blir studert i regionale og overregionale perspektiv, ofte i eit langtidsperspektiv. Studiar av rurale og urbane landskap, erverv og busettingsmønster, teknologisk utvikling og identitet er sentrale emne.
Masteroppgåva er ein vitskapleg studie av eit emne som er valt i samråd med rettleiaren. Emna kan vere basert på arkeologiske data, men kan òg ta utgangspunkt i teoretiske og faghistoriske emne, eller tema innan forvalting og formidling. Gjennom skrivinga skal studenten finne emne, formulere problemstillingar og gjennomføre ei undersøking som vitnar om god fagleg vurdering og meistring av metodar og teori. Instituttet har som mål å gje rettleiing innan dei fleste relevante fagområda, men tek atterhald om rettleiingskapasitet.
Rettleiar er ein sentral støttespelar i arbeidet med masteroppgåva og ein person som har arbeidd mykje med fagfeltet du vel. På denne måten får du hjelp til og velje tema og problemstillingar, du får hjelp til litteraturval og til kva kjelder ein bør bruke. Rettleiar blir tildelt i det første semesteret av masterprogrammet.