Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

3. mai 2023.

Om studiet

Mål:

Masterprogrammet i spesialpedagogikk skal formidle teoretisk og praktisk forståing for og innsikt i spesialpedagogisk verksamheit. Dette vil skje gjennom fordjuping i pedagogiske og spesialpedagogiske emne og praksis i opplæringssektoren eller støttetenestene. Målet med det planlagde studiet er å gi eit fagleg fundament for korleis arbeide system- og individorientert med tenester for barn og unge med ulike forutsetningar for læring. Masterprogrammet rettar primært fokus på korleis ein kan avdekke læringsutfordringar som barn og unge kan møte på ulike arenaer, samt korleis iverksette relevante tiltak på individ- og systemnivå. Studiet vil særleg formidle forståing for og innsikt i inkluderande og systemorienterte prosessar som kan støtte barn og unge si læring og utvikling. Programmet rettar og fokus på korleis ein kan synleggjere, forstå og utfordre ekskludering- og marginaliseringstendensar i barnehage, skule og samfunn. Samla sett er målet at studentane gjennom masterprogrammet skal tileigne seg ei forståing for og erfaring med ulike spesialpedagogiske problemstillingar. Denne forståinga blir også lagt vekt på at gjenspeglar seg i eit sjølvstendig arbeid med masteroppgåva.

Innhald:

Gjennom programmet skal studentane tileigne seg teoretisk, metodisk og praktisk kunnskap og kompetanse for å kunne identifisere, analysere og kritisk reflektere over spesialpedagogiske problemstillingar. Studentane skal og førebu, gjennomføre og vidareutvikle problemstillingar og arbeidsoppgåver innanfor oppvekst- og utdanningssektoren. Studentane skal utvikle kompetanse slik at dei kan gjennomføre kartlegging på individ- og systemnivå. Dei skal vidare få kunnskap om og kompetanse i korleis utarbeide, gjennomføre og evaluere ulike tiltak som tek omsyn til individet i fellesskapet. Dei skal og kvalifiserast til å møte og utøve arbeidsoppgåver ut frå profesjonsetiske retningslinjer, lovverk og andre styringsdokument som regulerer oppvekst, opplæring og helse. Endeleg skal studentane tileigne seg kunnskap om vitskapsteori og metode, samt fordjupe seg i et valt fagområde slik at dei kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer.

Alle utdanninger innen