Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. juli 2023.
Om studiet
Lektorutdanning med master i nordisk utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i nordisk (fag I) og eitt anna universitetsfag (fag II) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.
Studiet gir eit solid grunnlag i dei to studiefaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Studiet gir dessutan ei grunnleggande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
Profesjonsfaget gir grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk og fremjar dugleikar for praktisk yrkesutøving.
Studiet av nordisk er delt mellom språk og litteratur. Namnet på faget understrekar eit nordisk perspektiv, men hovudtyngda i studiet ligg på norsk språk og norsk litteratur. Språkstudiet gir innsikt i korleis språket er oppbygd som system, korleis det har utvikla seg historisk, og i dei variantane av skriftmål og talemål vi har i dag. Litteraturstudiet går inn på nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori og gir innsikt i sentrale forfattarskapar, ulike sjangrar og kulturhistorie. På høgare nivå er det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid skrive under rettleiing.
Som det andre faget i utdanninga vel ein eitt av faga engelsk, fransk, historie, sosiologi, religionsvitskap, spansk språk og latinamerikastudium eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.