Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Master, 5 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
300
Søknadsinformasjon:
Historie
Opptakskrav: LÆRALT
Poenggrenser 2022:
  • 46.30 (primær)
  • 49.80 (ordinær)
Studieplasser: 28
Søknadskode (SO): 184684
Religionsvitenskap
Opptakskrav: LÆRALT
Poenggrenser 2022:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 25
Søknadskode (SO): 184580

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

14. mars 2022.

Om studiet

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skolen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i historie eller religionsvitskap (fag I) og eitt anna universitetsfag (fag II) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skolen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.

Studiet skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk og om skulefaga. Programmet fremjar og dugleikar for praktisk yrkesutøving.

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap gir fordjuping i korleis kultur og samfunn har utvikla seg gjennom ulike tider. Begge faga bidrar med stadig nye og kritiske innfallsvinklar for å forstå endringar i samfunnet og kulturen. Dette gjeld til dømes politikk, økonomi, religion, kunst og kultur, familieliv, kjønn, krigføring og etikk i fortid og samtid. Historiefaget gir brei kunnskap om og innsikt i viktige sider ved samfunnsutviklinga, i og utanfor Noreg, i eldre og moderne tid. Religionsvitskap er eit samanliknande, krysskulturelt fag, samtidig som det utforskar lange linjer i religionane si utvikling. Med røter i både dei humanistiske og samfunnsorienterte vitskapane, er historie- og religionsfaga viktige i norsk skole. Faga bidrar mellom anna til felles referanserammer, kritisk refleksjon, fleirkulturell kompetanse og demokratisk danning. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid skrive under rettleiing.

Som det andre faget i utdanninga (fag II) vel ein eitt av faga historie, religionsvitskap, sosiologi, nordisk, engelsk, fransk, spansk språk og latinamerikastudium eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.

Kvalifikasjon/tittel

Master i historie - integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Alle utdanninger innen