Fakta
- 58.80 (primær)
- 62.50 (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
5. desember 2023.
Om studiet
Studieprogrammet i informasjonsteknologi og økonomi har som mål å utdanne kandidatar med en breiare utdanningsbakgrunn enn den tradisjonelle økonomen eller ingeniøren, ved å kombinere bedrifts- og samfunnsøkonomifag med fag som programmering, datasikkerheit, algoritmar og data science. Studiet skal formidle forståing for korleis ein kan nyttiggjere seg moglegheiter digitaliseringsprosessane i samfunnet fører med seg.
Utdanningstilbodet ligg i skjæringsflata mellom IKT og økonomi, og vil kople teori, empiri og praktiske ferdigheiter og vil ha stor samfunnsrelevans. Kandidatane vil vere attraktive på arbeidsmarknaden. Dei vil for eksempel kunne handtere digitaliseringsfunksjonar og leie innsamling og analyse av marknadsdata i større bedriftar, men dei vil og kunne vere drivarar for entreprenørskap og innovasjonsprosessar gjennom sin tverrfaglege kompetanse.
I starten av studiet vert det lagt vekt på å gje studentane eit godt grunnlag i basisfag innan informasjonsteknologi, matematikk, statistikk og økonomi. Siste halvdel av studiet er også tverrfagleg og det vert opna for valmoglegheiter som gjev spesialisering mot meir spesifikke problemstillingar innan IKT og økonomi. I siste del av studiet vil fokus vere å utvikle evner til å løyse både økonomiske og tekniske spørsmål på eige hand og i samarbeide med andre.