Integrert masterprogram i farmasi favoritt ikon

Universitet og høgskole
Farmasi er læra om legemiddel. På farmasistudiet lærer du korleis ulike legemiddel blir laga og korleis dei verkar inn på kroppen vår. Du lærer også korleis du kan bruke legemiddel på ein best mogleg måte for å førebygge, lindre eller lege sjukdommar og skadar.Legemiddel er det mest brukte verkemiddelet i helsevesenet i dag, og den nest største kostnaden etter arbeidskraft. Med andre ord er det store ressursar som kvart år blir brukt på dette fagfeltet. Riktig legemiddelbruk fører til betre folkehelse, mens feil legemiddelbruk kvart år fører til personskadar og ekstrautgifter for samfunnet. Som farmasøyt er du kvar dag med på å førebygge dette.Farmasi er eit vidt fagområde som inkluderer kjemiske, biologiske og spesialiserte farmasøytiske emne som samfunnsfarmasi og farmasøytisk teknologi.Farmasistudiet passar for deg som er glad i både realfag og helsefag, då studiet byr på ei unik samansenting av desse to fagfelta. På studiet får du delta på spennande laboratoriearbeid og lærerike studieturar til ulike fagmiljø, i tillegg til ordinære undervisningsformer som forelesningar, gruppearbeid og seminar. Studiet består av ei blanding av teori og praksis.Studiet tar 5 år, og inkluderer 6 månader praksis i apotek og ei ettårig masteroppgåve.Farmasistudiet i Bergen har eit aktivt og inkluderande studiemiljø. Farmasistudentane har blant anna sin eigen studentorganisasjon Generica, som tilbyr ei rekke aktivitetar for farmasistudentane ved fakultetet, enten du liker å drive med idrett eller synge i kor.KarrierevegarFarmasøytar jobbar i apotek, i industrien og i det offentlege, med utvikling, produksjon, kontroll og sal av legemiddel, forsking, rådgiving og undervisning. Mange farmasøytar arbeider med leiing på apotek som apotekarar og elles innanfor legemiddelområdet.Arbeidsoppgåvene til ein provisorfarmasøyt kan innvolvere rådgjeving, tilverking og kvalitetskontroll av legemiddel, i tillegg til forsking og undervisning.

Studienivå

Master, 5 år

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

300

Om studiet

Profesjonsstudiet i farmasi kvalifiserer for autorisasjon som provisorfarmasøyt. Gjennom studiet tileignar studentane seg ein brei og spesialisert legemiddelfagleg kompetanse. Studiet skal sikre samfunnet kandidatar som har de kunnskapar, haldningar og ferdigheter som trengs for å forsvarlig utøva farmasiyrket.

Farmasistudiet gir studentane ein brei fagleg basis innan kjemiske og biologiske fag, samt spesialisering innan farmasøytiske fag, som farmakognosi, farmakologi, galenisk farmasi, klinisk farmasi, samfunnsfarmasi, legemiddelkjemi og rettleia praksis i apotek.

Masteroppgåva siste året er ei fordjuping og spesialisering innan farmasi, og studentane kan i stor grad sjølv velje fagområde for oppgåva.

Karrierevegar

Etter avslutta studium blir du autorisert provisorfarmasøyt. Ein provisorfarmasøyt har ekspedisjonsrett i apotek.

I tillegg til apotek arbeider farmasøytar i sjukehus, i heimesjukepleie og sjukeheimar, i legemiddelindustri, innanfor vidaregåande og høgare utdanning, for myndigheiter og private firma (for eksempel i oppdrettsnæringa).

Det blir stadig meir behov for farmasøytar i samfunnet. Farmasøytar er ei av dei mest tilgjengelege helsepersonellgruppene i helsevesenet, og dei gir informasjon og råd om legemiddel til både pasientar, anna helsepersonell og myndigheiter, slik at legemiddel blir brukt på best mogeleg måte for enkeltpersonar og samfunn.

Kvalifikasjon/tittel

Master i farmasi

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2018

53.00 (primær)
59.50 (ordinær)

Studieplasser

24

Søknadskode (SO)

184707

Lignende utdanninger