Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Gjennom masterstudiet skal studentane tileigne seg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleik, som kan bidra til å utvikle deira kompetanse for å undervise i matematikk. Studiet gir ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Studentane skal få høve til å utvikle ei meir sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og til vitskaplege framstillingar. I studiet vert det òg lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at studentane kan bidra til å vidareutvikle matematikk som fag. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av masterfaget og skulen i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
Studiet er praksisnært og masteroppgåva skal vere fagdidaktisk.
Programmet har tre delar: fellesemne, fag/ fagdidaktiske emne og masteroppgåve.
1. Masterseminar: Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling, 15 studiepoeng, 4 semester
2. Faglige og fagdidaktiske emne på 200-nivå, 45 studiepoeng
3. Vitskapleg metode og vurderingsteori, fellesemne 15 studiepoeng
4. Forskingsbasert masteroppgåve 45 studiepoeng
Studentane skal gjennom det faglege innhaldet få møte fordjupingsemne innanfor matematikk og matematikkhistorie slik at dei kan få eit teoretisk grunnlag for å gå vidare med masteroppgåvene.