Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Masterstudiet i undervisning med fordjuping i norsk er eit fireårig deltidsstudium der målet er å vidareutdanne allmennlærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for oppgåver i den vidaregåande skulen.
Gjennom masterstudiet skal studentane tileigne seg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleik som kan bidra til å utvikle deira kompetanse for å undervise i norsk i grunnskulen. Studiet har ei innretning som er relatert til praksis i skulen, og det er ei overordna målsetjing å kunne byggje bru mellom erfaringskunnskap frå norskfaget i skulen, den forskingsbaserte disiplinkunnskapen i nordiskfaget og den fagdidaktiske kunnskapen. Alle emne i studiet skal bidra til auka dugleik og refleksjon i høve til å undervise faget og kunne leggje til rette for at elevar kan lære i faget.
Studiet er praksisnært og masteroppgåva skal vere fagdidaktisk.
Programmet har tre delar: fellesemne, fag/ fagdidaktiske emne og masteroppgåve.
1. Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling – fellesemne, 15 studiepoeng (4.– 5. semester)
2. Faglige/ fagdidaktiske emne på 200 og 300 nivå, 45 stp.
3. Vitskapleg metode og vurderingsteori, fellesemne, 15 stp.
4. Forskingsbasert, fagdidaktisk masteroppgåve, 45 stp.
Studiet vil gi ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av norskfaget i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.
I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at studentane kan bidra til å vidareutvikle norskfaget. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.
Studentane skal gjennom det faglege innhaldet få møte fordjupingsemne både innanfor nordisk språk og litteratur og fagdidaktikk slik at dei kan få eit teoretisk grunnlag for å gå vidare med masteroppgåvene. Fordjupingsemna er forskingsbaserte.