Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: MATRS
Poenggrenser 2023:
  • 49.50 (primær)
  • 54.30 (ordinær)
Studieplasser: 34
Søknadskode (SO): 184832

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

5. desember 2023.

Om studiet

Kunstig intelligens er ein fagdisiplin som studerer syntese og analyse av digitale agentar. Ein digital agent er eit program som har evna til å oppføre seg intelligent, sjølv om det kanskje er i svært avgrensa kapasitet. Dei sentrale måla for kunstig intelligens er:

  • å konstruere og evaluere hypoteser om korleis ein kan konstruere digitale agentar.
  • å designe, byggje og eksperimentere med datasystem som utfører oppgåver som ein ofte tenkjer at krev intelligens.
  • å nytte resultata frå det som er nemnt ovanfor til å forbetre funksjonane til eksisterande digitale og robotiske system.

I kunstig intelligens studerer vi tema som læring, kunnskapsrepresentasjon og resonnering, multiagent-system, søk, planleggjing, naturleg språkhandsaming, robotikk og persepsjon.

Læring innan kunstig intelligens dreier seg om korleis ein kan forbetre åtferda til ein digital agent over tid, og korleis vi trekkjer ut ny kunnskap frå data.

Kunnskapsrepresentasjon dreier seg om korleis informasjon som ein gjev i ei form forståeleg for menneske, til dømes tekst, bilete, lyd etc. kan vere representert i ei maskinforståeleg form, til dømes logikk, binær kode, programmeringsspråk etc. Automatisk resonnering studerer korleis ein kan byggje algoritmar som løyser problem og ta avgjerder ved bruk av informasjon og kunnskap representert i ei maskinforståeleg form.

Multiagent-system dreier seg om modellering av kunstige agentar, einingar som er i stand til å oppfatte inntrykk frå omgivnadane, forme og forfølgje måla sine og samhandle med miljøet, som òg kan bestå av andre agentar. Feltet handlar både om modellering og simulering av interaksjon mellom agentar.

Søk og planlegging er to felt som handlar om intelligent problemløysing, korleis ein kan nå mål og korleis ein utviklar algoritmar som lager ein plan for å oppnå eit mål ut frå evnene, miljøavgrensingane, og ressursavgrensingane til agenten.

Naturlig språkhandsaming er spesielt opptatt av maskinforståing og manipulering av naturlege språk.

Persepsjon dreier seg om å utvikle evna som ein digital agent har til å observere omgjevnadene sine. Ei av utfordingane handlar om korleis ein digital agent kan identifisere objekt i den verkelege verda (til dømes via video-, lyd- eller billeteopptak) og om tilhøva mellom desse objekta.

Robotikk dreier seg om å byggje intelligente fysiske agentar og forbetre moglegheitane til dei eksisterande maskinane. Desse inkluderer både industrirobotar, husholdningsrobotar, autonome kjøretøy og autonome system generelt.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i kunstig intelligens