Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2024:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 10
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 184455

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

1. august 2023.

Om studiet

Innhaldet i studieprogrammet er avhengig av om studenten vèl spesialisering i gresk eller i latin.


Spesialisering i latin:
Målet med bachelorstudiet i latin er å gjere studentane i stand til å lese hovudverk innan den latinske litteraturen på originalspråket og kunne forstå dei språklege og litterære kvalitetane som tekstane har. Studentane skal få dei kunnskapane i antikk, mellomalderleg eller tidleg moderne kultur som dei treng for å sette tekstane inn i den historiske samanhengen dei høyrer heime i. Den latinske litteraturen oppstod i det tidlege Romarriket (oml. 200 f. Kr.) og utvikla seg opp gjennom antikken, mellomalderen og heilt inn i tidleg moderne tid. Latin var såleis det dominerande litterære og vitskaplege språk i Vest-Europa frå antikken og opp til det 18. hundreåret.

Gjennom bachelorstudiet vert dei latinske tekstane sette inn i sin litteratur- og kulturhistoriske samanheng, med gradvis aukande krav til forståing og tolkingsevne.

Spesialisering i gresk:
Bachelorstudiet i gresk har som mål å gjere studentane i stand til å lese hovudverk innan den antikke greske litteraturen på originalspråket og kunne forstå dei språklege og litterære kvalitetane som tekstane har. Studentane skal få dei kunnskapane i antikkens kultur som dei treng for å setje tekstane inn i den historiske samanhengen dei høyrer heime i. Studiet konsentrerer seg om tekstar frå den arkaiske og klassiske perioden (800323 f.Kr.), men kan også omfatte seinare tekstar, både frå antikken og frå bysantisk tid (til 1453). Gjennom bachelorstudiet vert tekstane sette inn i sin litteratur- og kulturhistoriske samanheng, med gradvis aukande krav til forståing og tolkingsevne.

I programmet vert det greske språket studert slik det vart nytta i tale og skrift i antikken og i skrift i mellomalderen til moderne tid. Gresk er det eldste litteraturspråket i Europa, og den greske skjønnlitteraturen ligg til grunn for den europeiske og vestlege litterære kanon. Gresk filosofi, litteratur, medisin og naturvitskap ligg til grunn for europeisk og vestleg intellektuelt liv. Gresk er språket som Det nye testamente og den eldste kristne litteraturen er skriven på.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i klassisk filologi