Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 20
Søknadskode (SO): 184592

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

Kina er i dag ei økonomisk og politisk stormakt som ikkje berre spelar ei viktig rolle i sin eigen region, Aust-Asia, men òg i ein global samanheng. Som historisk sentrum i den austasiatiske sivilisasjonen er kinesisk kultur på mange måtar svært ulik vår eigen. Gjennom studiet av kinesisk møter studenten ei ny og fascinerande verd, der kjente element eksisterer i ein framandkulturell kontekst.

Som tale- og skriftspråk for 1, 3 milliardar menneske er kinesisk det mest talte morsmålet i verda, og det dannar ein naturleg innfallsport til ein kulturkrets der gamalt og nytt lever side om side. Store mengder ny informasjon kan verta tilgjengeleg for dei som lærer å kjenna kinesisk språk og kultur, og kjennskap til kinesisk ordforråd og skriftteikn er også til stor hjelp når ein skal lære japansk eller koreansk. Kinesisk skil seg frå vestlege språk på ein rekkje punkt, og det er både utfordrande og spennande å få innsikt i det kinesiske skriftuniverset. Det blir òg lagt vekt på praktisk meistring av moderne kinesisk språk, der studenten får intensiv trening i å snakke, forstå, lese og skrive kinesisk. Studenten får elles grunnleggjande kunnskapar om historie, samfunnstilhøve og kultur, samt moglegheit for fordjuping i eit Kina-relatert tema.

Hovudvekta i studiet vert lagd på språktileigning og språkforståing. Kinesisk er eit tidkrevjande språk å lære i forhold til nære europeiske språk, ikkje minst grunna skriftsystemet. Det er derfor viktig å ha eit realistisk bilete av oppnåeleg språknivå. Etter eit års studium skal studentane vera i stand til å halda enkle samtalar om avgrensa tema og skriva enkle stilar ved hjelp av ordbok. Etter to år opplever mange at dei har eit større passivt vokabular og teiknforråd, men at dei framleis ikkje meistrar naturleg samtale. Vi oppmodar difor studentane til å nytta seg av UiB sine utvekslingsavtaler i løpet av studiet, for å få den rette balansen mellom teoretiske og praktiske språkkunnskapar. Ved å studere ved eit kinesisk universitet, kan ein også følgje kurs over eit breitt spekter av kultur- og samfunnsrelaterte tema.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i kinesisk

Alle utdanninger innen