Bachelorprogram i japansk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Japanskstudiet er ei utfordrande og fascinerande reise inn i ei verkelegheit som er svært ulik vår eiga. I dag kjenner dei fleste til ord som sushi, anime og manga, men dei færraste kan lese manga på originalspråket eller sjå japansk film utan dubbing og undertekstar. Studiet i japansk vil hjelpe deg med å opne døra til denne kreative og fascinerande kulturen. Nøkkelen er ein systematisk studie av det japanske språket, ein studie som både er arbeidskrevjande og full av spennande utfordringar. Det japanske skriftspråket er eit eksempel på ei spennande utfordring, som med sine mange tusen skriftteikn i tillegg til sine to stavingssystem, truleg er verdas mest kompliserte.Hovudfokus i programmet er kunnskap om japansk språk og utvikling av skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter. Du startar med innføringskurs som gir basiskunnskapar i japansk og austasiatisk sivilisasjonshistorie, i tillegg til introduksjonsforelesningar om japansk språk og samfunnsliv frå eldre og nyare tid. Etter nesten to år ved UiB går turen til Japan for å vere student der i eit heilt år. Der får du oppleve korleis kvardagen med språkstudiar ved eit japansk universitet er, samtidig med at du blir eksponert for japansk kultur og samfunnsliv, og for det japanske språket i sine naturlege omgivnader.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Søknadsfrist

15. april 2018

Studiepoeng

180

Om studiet

Studiet skal formidle forståing for japansk språk og kultur. Med oppnådd bachelorgrad i japansk, meistrar studenten munnleg og skriftlig japansk på høgare mellomnivå. Dette vil svare til nivå 2 i Japanese Language Profiency Test, som er det nest høgaste nivået i den offisielle japanske språktestinga retta mot utlendingar. Ein vil vidare ha tileigna seg grunnleggjande kunnskapar om regionen som Japan ligg i, og hovudtrekka i japansk historie. Kunnskap om ulike sider ved japansk kultur og samfunn utgjer ein integrert del av språkstudiet, og vil bli forsterka og levandegjort gjennom eit obligatorisk utvekslingsopphald.

 

Hovudvekta i studiet er lagd på kunnskapar om japansk språk, inkludert praktisk meistring av munnleg og skriftleg japansk på høgare mellomnivå. Studenten får òg grunnleggjande kunnskapar om japansk historie og samfunnsstilhøve, samt inngåande kjennskap til den japanske kulturen gjennom språket. Ei avsluttande semesteroppgåve set studenten i stand til å avgrense og analysere eit Japan-relatert saksfelt samt søkje fram og handtere relevant kjeldemateriale.

Eit utvekslingsopphald på to semester ved et japansk universitet er ein integrert del av studiet. Denne utvekslinga går føre seg i siste del av fjerde, heile femte, og første del av sjette semester. I tillegg til vidare undervisning i moderne japansk språk på mellomnivå, vil studenten òg kunne følgje japanskspråklege eller engelskspråklege kurs over eit breitt spekter av lingvistiske, kulturelle, historiske og litterære emne.

Etter fullført utvekslingsopphald blir studiet avslutta ved Universitetet i Bergen.

Karrierevegar

Med kompetanse i japansk og kjennskap til Japan kan du få jobbar innan næringslivet, særleg aktuelt er bransjar som turistnæringa og fiskeeksport. Med god japanskkunnskap kan du også få jobb i internasjonalt retta organisasjonar, som lærar, forskar, eller ulike stillingar innanfor media og kommunikasjon som journalist, researchar, omsettar eller kommunikasjonsmedarbeidar. Du kan òg søke deg til utanrikstenesta.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i japansk

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2018

36.80 (primær)
47.60 (ordinær)

Studieplasser

30

Søknadskode (SO)

184582