Fakta
- 44.50 (primær)
- 53.20 (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
12. desember 2024.
Om studiet
Informasjonsvitskap har informasjon og kunnskap som sentrale studieobjekt, særleg med eit informasjonsteknologisk perspektiv. Bachelorprogrammet tar føre seg teoretiske aspekt ved data, informasjon og kunnskap, samt teknologiar for å forvalte informasjon og kunnskap, i høve til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Studiet omfattar eit breitt spekter av tema knytt til analyse og utvikling av informasjonssystem, deriblant / inkludert modellering, utforming, programmering og datahandsaming, semantiske og sosiale teknologiar, samt kunnskapsteknologi. Studiet gir ei forståing av grunnlaget for slike teknologiar og erfaring med bruk av metodar og dataverktøy, og gir ein informasjonsteknologisk kompetanse som dannar eit solid grunnlag for vidare utdanning og arbeid i næringsliv og forvalting.