Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Studietempo
HeltidSøknadsfrist
20 april, kl 14:00Opptakskrav
GENS
Poenggrenser 2021
- Oppgis ikke (primær)
- Oppgis ikke (ordinær)
Studieplasser
65
Søknadskode (SO)
184887
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Engelsk er eit av dei mest brukte språka i verda. Det engelske språket har i dag ei sterk og dominerande stilling på mange område, t.d. i media og kulturlivet, i teknologi, utdanning og forsking, samt i næringslivet og i internasjonale relasjonar. Engelsk er òg det viktigaste framandspråket i den norske skulen, og står sterkt i norsk næringsliv.
I tillegg til arbeid med fagstoffet tek studiet sikte på å utvikle både den analytiske evna til studentane og evna til å kommunisere best mogleg på engelsk. Her står seminarundervisning sentralt.
Emna på 200-nivå tek sikte på å øve opp ei kritisk og sjølvstendig haldning gjennom større konsentrasjon og fordjuping enn det som er mogleg i den meir oversynsprega innføringa på 100-nivå. Dette skjer mellom anna gjennom studium av utvalde emne i dei tre studiedisiplinane engelsk lingvistikk, engelskspråkleg litteratur og engelskspråkleg kultur. I tillegg til krava om større teoretisk innsikt og betre kunnskapar i faget, blir òg krava til språkferdigheiter større.