Fakta
Semesteravgift
Informasjon oppdatert
21. februar 2025.


Om studiet
Lær meir om kvanterevolusjonen, som kan endre verda. Høver for deg som er interessert, utan krav til førekunnskapar.
Emnet er for alle vaksne. Vi ønskjer å vise kvifor fagfeltet er av allmenn interesse.
Emnet kan vere spesielt interessant for deg som er lærar eller deg som arbeider med informasjonsteknologi.
Du som er lærar kan bli betre i stand til å svare på spørsmål som "Kva er eigentleg kvantefysikk?" og "Korleis fungerer ei kvantedatamaskin?".
Du vil også bli betre i stand til å formidle korleis kvanteteknologi er med på å forme samfunnet, at det ikkje berre er noko for spesielt interesserte.
For deg som arbeider i IT-bransjen vil ikkje dette emnet gjere deg i stand til å bli kompetent kvanteprogrammerar, men du får vite meir om kva det er snakk om, og kva fordelar du kan ha av å bruke kvantefenomen innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi, og kva utfordringar det kan gje.
Kva lærer du? Etter å ha gjennomført dette emnet skal du:
- kunne gjere greie for hovudtrekka i den historiske utviklinga av kvantefysikken
- ha ei viss forståing for at materie må oppfattast som både bølgjer og partiklar
- kjenne til fenomen som er spesifikke for kvanteverda, som ikkje har nokon parallellar i den verda vi ser til dagleg
- vite korleis visse enkle algoritmar for kvanteinformasjonsbehandling fungerer
- kunne vise til eksempel på korleis kvantefenomen som tunnellering, kvantisering og samanfiltring kan utnyttast teknologisk
- kjenne til hovudforskjellane mellom korleis ei vanleg, klassisk datamaskin og ei kvantedatamaskin fungerer
- vere i stand til å sette opp og køyre enkle kvanteprogram, anten på simulatorar eller på faktiske kvantedatamaskinar
- til ei viss grad kunne bruke omgrepsapparatet knytt til kvantefysikk og -teknologi
- kunne medverke konstruktivt i faglege samtalar som har med kvanteteknologi å gjere
evne å diskutere og problematisere aspekt ved tolkinga av kvantefysikken