Fakta
Informasjon oppdatert
19. januar 2023.


Om studiet
Avdeling Design tilbyr eit profesjonsretta, treårig bachelorprogram i klesdesign og kostymedesign. Det er mogleg å fordjupe seg i enten klesdesign eller kostymedesign i løpet av bachelorstudiet.
Spesialiseringa i klesdesign skal gi eit fagleg fundament for profesjonell praksis og har ei framtidsretta tilnærming som famnar om både dei kulturelle og dei kommersielle aspekta ved klede som uttrykk i tida og i samfunnet. Fagområdet har ein visjon om å vere toneangivande for utdanning innanfor klesdesign.
Spesialiseringa i kostymedesign gir studentane kunnskap og ferdigheiter til å designe kostyme til teater, dans, opera, TV og film. Gjennom studiet blir det lagt vekt på å sameine teknikk, form, materiale og konsept i ein kreativ prosess. Utdanninga samarbeider med scenefaga i teater, opera og dans.
Opptakskrav
Opptak skjer på grunnlag av opptaksprøver og generell studiekompetanse. Unntak fra krav om generell studiekompetanse kan gjelde for søkere som gjennom opptaksprøven kan dokumentere spesielle faglige kvalifikasjoner.
Mer informasjon om opptak og opptaksprøver finner du her.
Opptaksinformasjon
Søknadsweb (søknadsportalen) og informasjon om opptaksprøver er tilgjengeleg to månader før søknadsfristen.