Fakta

Sted:
Nettstudier
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Dette studiet er tilrettelagt for deg som skal utvikle eller vere ansvarleg for drift av eigedom. Studiet er bygd opp av to enkeltemne: eit om teknisk forvaltning og eit om juridisk og økonomisk forvaltning.

Kvifor studere utvikling og forvaltning av eigedom?

Teknisk, juridisk og økonomisk kompetanse er etterspurd i eigedomsbransjen. Studerer du eigedomsutvikling vil du tileigne deg grunnleggande kompetanse om byggtekniske fag, arkitektur, landskapsforvaltning og miljøforvaltning. Du vil lære å forvalte og fornye eigedom på ein forsvarleg og ressurseffektiv måte. Du vil dermed spille ein viktig rolle i arbeidet for økt lønnsemd og samfunnsriktig utnytting av eigedom. 

Korleis er studiet bygd opp og kva lærer du?

Studiet består av to enkeltemne på 15 studiepoeng kvar. Du kan velje om du vil ta eitt eller begge emna. Les meir i emneplan om kva du lærer og eksamen: 

TAK801 Utvikling av eigedom: juridisk og økonomisk forvaltning (hausten 2025) 

  • Teori om kva eigedom er, eigedomsgrenser og informasjonssystemet for eigedom
  • Lovsystemet rundt etablering og utbygging av eigedom
  • Verdsetting av eigedom, erverv av eigedom og finansmatematikk
  • Analysemetodar for eigedom med bruk av digitale tenester

TAK802 Teknisk forvaltning: Bygningsfysikk, FDVU og ombygging (våren 2026)

  • Teori om kva eigedom er, eigedomsgrenser og informasjonssystemet for eigedom
  • Lovsystemet rundt etablering og utbygging av eigedom
  • Verdsetting av eigedom, erverv av eigedom og finansmatematikk
  • Analysemetodar for eigedom med bruk av digitale tenester

Målgruppe

Studieprogrammet er utvikla i samarbeid med Norges Eiendomsakademi og kan gjennomførast på deltid kombinert med jobb. Studiet passar for deg som ønsker økt kompetanse innan utvikling og forvaltning av eigedom. 

 

 

Alle utdanninger innen