Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

24. april 2024.

Om studiet

Spesialpedagogikk 2 er ei vidareutdanning for deg som arbeider på 1.-10. årstrinn, og allereie har 30 studiepoeng i spesialpedagogikk. Studiet bygger på Spesialpedagogikk 1 eller tilsvarande emne, og vil gje meir inngåande kjennskap til det spesialpedagogiske fagfeltet.

Kvifor studere Spesialpedagogikk 2?

Få ei djupare forståing for læringsutfordringar og tilpassa metodar som kan hjelpa elevar å lukkast. Lær å skapa eit inkluderande klassemiljø, som fremmar like mogelegheiter for alle. Videreutdanninga kan opne dører for jobbmogelegheiter innan utdanning og rådgiving. 

Kva lærer du?

Sentrale tema i utdanninga:

  • sosial og emosjonell utvikling hos barn og unge
  • psykososiale vanskar
  • inkluderande læringsmiljø og psykisk helse
  • utfordringar hos barn og unge sett frå ulike system- og individperspektiv
  • rettleiing og intern og ekstern samarbeid
  • kartlegging, førebygging og tidleg innsats

Studiet er organisert i to emne:

Målgruppe

Lærarar som er tilsett på 1. til 10.-trinn i skolen og allereie har 30 studiepoeng i spesialpedagogikk. Studiet bygger på spesialpedagogikk 1, med meir inngåande kunnskap. 

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

Du må ha minst 30 studiepoeng i spesialpedagogikk frå tidlegare.

Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærerutdanninga di.

Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge  stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

Meir om søknadsprosessen

Alle utdanninger innen