Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Som barnehagelærar har du ansvar for at skriftleg kommunikasjon i barnehagen er presis, forståeleg og i tråd med rammeplanen. Denne vidareutdanninga styrkjer dei skriftlege ferdigheitene dine slik at du kan informere, planleggje, vurdere og dokumentere på ein tydeleg og profesjonell måte i din barnehage.
Kvifor studere profesjonsskriving i barnehagen?
Skriving er ein sentral del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Du arbeider med tekstar som planar, møtereferat, informasjonsskriv til foreldre, e-post og anna digital kommunikasjon. For at dette arbeidet skal vere formålstenleg, krevst det presis språkføring, tydeleg struktur og medvit om kven teksten er retta mot.
Vidareutdanninga tek utgangspunkt i rammeplanen sine føringar for ansvar og roller og i barnehagen som pedagogisk verksemd. Du får kompetanse i å bruke profesjonsskriving som både refleksjonsverktøy og kommunikasjonsverktøy, og styrkjer grunnlaget for godt samarbeid med foreldre og andre instansar.
Kva lærer du?
I vidareutdanninga vil du arbeide med profesjonstekstar frå eigen barnehage, til dømes planar og informasjonsskriv, og lærer å vurdere og revidere eksisterande tekstar. Du skriv også nye tekstar tilpassa ulike medium, formål og mottakarar. Du vil også arbeide med etiske vurderingar knytte til dokumentasjon og anonymitet.
Studiet legg vekt på skriving i prosess og gir deg skriftleg rettleiing gjennom obligatoriske læringsaktivitetar.
Les meir i emneplanen om kva du lærer og eksamen (PIB801)
Målgruppe
Denne vidareutdanninga er relevant for deg som er barnehagelærar.
Opptakskrav
Fullført førskule-/barnehagelærarutdanning eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk som kvalifiserer for pedagogisk leiarstilling i barnehagen. Du må vere tilsett i barnehage.