Fakta

Sted:
Sogndal
Studietype:
Årsstudium
Studieform: Nett- og samlingsbasert, undervisning ved lærestedet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Har du lyst til å bli lærar? Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for allmenne fag er eit studium for deg som treng pedagogisk kompetanse for å undervise i fag du allereie har utdanning i. Utdanninga er samlingsbasert og nettstøtta.

Kvifor ta PPU?

Behovet for lærarar er stort. Denne utdanninga gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke med god startløn. Som lærar får du ein meningsfylt, variert og sosial arbeidskvardag der du kan bruke mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fordjupe deg i spanande fagområder og ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.

Du kan sjølv velje om du vil ta utdanninga på heiltid eller deltid. Uansett er studiet samlingsbasert med samlingar på campus i Sogndal

Det består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng fagdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:

  • Leiing av læreprosessar
  • Skulen i samfunnet

Vi tilbyr fleire fagprofilar

Du kan ta følgjande fagprofiler på heiltid:

  • Matematikk 
  • Naturfag 
  • Engelsk 
  • Norsk 
  • Kroppsøving/idrett/friluftsliv
  • Musikk/dans
  • Samfunnsfag (historie, samfunnskunnskap, geografi)
  • Religion 
  • Kunst og handverk

Dersom det ikkje blir nok søkarar innan profilen, blir ikkje studiet starta opp.

Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet.

Studiets oppbygging

Praksis

Praksisopplæringa har eit omfang på 60 heile arbeidsdagar Du tileignar deg praktisk erfaring med læringsteoriar og pedagogiske fenomen som blir tatt opp i dei to teoretiske emna i studiet.

Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Praksis skal vere rettleia, og du vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar og lærar frå HVL deltar.

Her finner du informasjon om praksis og praksisperiodar.

Tidspunkt for samlingar og praksisperiodar 2026/2027

Studentar med deltids- og heiltidsprogresjon har haustsemesteret 2026 samlingar i Sogndal 2.-4.september og 28.-30. oktober 2026. Studentar med heiltidsprogresjon har i tillegg samlingar 9.-11.september og 4.-6.november 2026.  

Praksis hausten 2026 vil vere veke 42-43 og veke 46-49. Studentar med deltidsprogresjon må ha tre veker praksis i haustsemesteret, medan studentar med heiltidsprogresjon må ha seks veker praksis. 

Vårsemesteret 2026 er samlingane i Sogndal for studentar med deltids- og heiltidsprogresjon 6.-8.januar og 10.-12.mars 2027. Studentar med heiltidsprogresjon har i tillegg samlingar 13.-15.januar og 17.-19.mars 2027. 

Praksis våren 2027 vil vere veke 3-6 og veke 14-15. Studentar med deltidsprogresjon må ha tre veker praksis i vårsemesteret, medan studentar med heiltidsprogresjon må ha seks veker praksis.

Ein skal ha til saman 12 veker (60 dagar) praksis iløpet av studiane, med 6 veker i grunnskulen og 6 veker i vidaregåande skule. Ein kan ha 3 veker praksis på folkehøgskule, og det er valfritt om ein tek desse vekene frå praksisperioden i grunnskule eller vidaregåande skule.

Vanlige spørsmål og svar

Opptakskrav

  1. Mastergrad med 60 studiepoeng fordjuping i eit relevant undervisingsfag, eller

  2. Bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag, i finansieringskategori A eller B, med minst 180 studiepoeng i kunstfaget, eller

  3. Bachelorgrad i tegnspråk og tolkning, med minst 80 stp i tegnspråk og karaktersnitt på minst C (30 karakterpoeng), eller

  4. Bachelorgrad med 60 studiepoeng fordjuping i eit undervisingsfag, og minst to år (tilsvarande fulltid) relevant erfaring som lærar i grunnskulen eller vidaregåande opplæring, eller

  5. Bachelorgrad i praktisk-estetiske fag som oppfyller følgande krav:
    • Graden består utelukkande av praktisk-estetiske fag
    • Graden inneheld opptil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktisk-estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan erstattast med drama-/teaterfag.
    • Det inngår minst 120 studiepoeng i eitt fag. Øvrige fag om ha eit omfang på minst 30 studiepoeng.
    • Karaktersnitt på minst C (30 karakterpoeng)

Fjerde og femte punkt er ei overangsordning som gjeld fram til våren 2030.

Din faglege fordjuping må vere relevant for fagprofilen du søker opptak til.

Søkere som har utenlandsk utdanning fra land utenfor Norden, må dokumentere at de oppfyller krav til norsk og engelsk kunnskaper. 

Opptaksinformasjon

Politiattest NN

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga gir undervisningskompetanse frå 5. trinn i grunnskule, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse du har i botn.

Alle utdanninger innen