Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Har du lyst til å bli lærar? Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for allmenne fag er eit studium for deg som treng pedagogisk kompetanse for å undervise i fag du allereie har utdanning i. Deltidsutdanninga er samlingsbasert og nettstøtta.
Kvifor velge PPU?
Behovet for lærarar er stort. Denne utdanninga gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke med god startløn. Som lærar får du ein meningsfylt, variert og sosial arbeidskvardag der du kan bruke mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fodjupe deg i spanande fagområder og ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.
Dette deltidsstudiet er samlingsbasert og blir tilbudt på Stord hausten 2025. Sogndal har opptak til deltidsstudiet partallsår. Vil du heller ta studiet på fulltid, kan du ta heiltidstudiet i Sogndal.
Studiet består av pedagogikk og fagdidaktikk som er integrert i dei to emna våre:
- Første år: Leiing av læreprosessar
- Andre år: Skulen i samfunnet
Opptakskrav
- Mastergrad med 60 studiepoeng fordjuping i eit relevant undervisingsfag, eller
- Bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag, i finansieringskategori A eller B, med minst 180 studiepoeng i kunstfaget, eller
- Bachelorgrad i tegnspråk og tolkning, med minst 80 stp i tegnspråk og karaktersnitt på minst C (30 karakterpoeng), eller
- Bachelorgrad med 60 studiepoeng fordjuping i eit undervisingsfag, og minst to år (tilsvarande fulltid) relevant erfaring som lærar i grunnskulen eller vidaregåande opplæring, eller
- Bachelorgrad i praktisk-estetiske fag som oppfyller følgande krav:
- Graden består utelukkande av praktisk-estetiske fag
- Graden inneheld opptil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktisk-estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan erstattast med drama-/teaterfag.
- Det inngår minst 120 studiepoeng i eitt fag. Øvrige fag om ha eit omfang på minst 30 studiepoeng.
- Karaktersnitt på minst C (30 karakterpoeng)
Fjerde og femte punkt er ei overangsordning som gjeld fram til våren 2030.
Din faglege fordjuping må vere relevant for fagprofilen du søker opptak til.
Opptaksinformasjon
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Utdanninga gir undervisningskompetanse frå 5. trinn i grunnskulen, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av fagkompetanse.