Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Dette studietilbodet gir grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg i hovudsak mot undervising på ungdomssteget, men vil også vere relevant for lærarar på mellomsteget.
Kva lærer du?
Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga eller tilsvarande, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar. Les meir i emneplanen om kva du lærer og eksamen:
- Norsk 2 5–10 A: Språk og litteratur i fortid og samtid (haust)
- Norsk 2 5–10 B: Språkmangfald og tekstmangfald (vår).
Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5.–10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk.
Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Målgruppe
Målgruppa er lærarar i skulen med minst 30 studiepoeng i norsk frå før.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
Du må ha minst 30 studiepoeng i norsk frå tidlegare.