Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Dette er eit reint nettstudium for deg som underviser i norsk på 1.–7. trinn, og vil styrke kompetansen din i faget – tilpassa ein travel skulekvardag.
Kvifor studere Norsk 1?
Norskfaget er grunnleggjande for elevane si læring og utvikling. Denne vidareutdanninga styrkar kompetansen din i eit sentralt fag i skulen, og du får eit tryggare grunnlag for å utvikle undervisninga di i lesing, skriving og språk.
Kva lærer du?
Du arbeider med begynnaropplæring og vidare lese- og skriveopplæring, talemål og skriftspråk og barne- og ungdomslitteratur. Du lærer å planlegge, gjennomføre og vurdere norskundervisning, med særleg vekt på arbeid med elevtekstar.
Studiet er på 30 studiepoeng og består av to emne på 15 studiepoeng. Det eine går i haustsemesteret, det andre i vårsemesteret.
Les meir i emneplanane om kva du lærer og eksamen:
Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Målgruppe
Studiet rettar seg mot lærarar som underviser i norsk på 1.- 7. trinn.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).