Fakta

Sted:
hvl.no
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstudium
Studietempo: Deltid
Oppstart: 23. august
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

2. desember 2022.

Om studiet

Dette er eit reint nettstudium (30 studiepoeng) for deg som er lærar i skulen, og ønskjer undervisningskompeanse i matematikk på 1.-7.trinn.

Kva lærer du?

Matematikk 1, 1.-7. trinn er retta mot deg som ønskjer å undervise i matematikk frå 1. til 7. trinn, men som har færre enn 30 studiepoeng i faget.

Gjennom studiet skal du utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for matematikkundervisning på heile barnetrinnet.

Den praktiske erfaringa du har vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at du skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

I studiet arbeider du med matematikklæring i tråd med Kunnskapsløftet 2020.

Du skal lære om bruk av digitale verktøy og reflektere kring korleis bruk av digitale verktøy kan vidareutvikle matematikkfaget.

Du skal arbeide med dei matematiske tema tal og talforståing, prealgebra, algebra, funksjonslære, geometri, måling, statistikk og sannsynsrekning.

Arbeidskrav

Du skal levere inn fire arbeidskrav per semester. Nokre av arbeidskrava krev at du gjennomfører undervisningsopplegg i eiga matematikklasse.

Studiet består av to emne på 15 studiepoeng. Kvart emne vert avslutta med ein individuell munnleg eksamen som du gjennomfører på nett.

Karrieremuligheter

Nettundervisning 

Nettøktene består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter.  Obligatorisk nettundervisning er tysdagar 14:00-16:00 kvar veke. Oppstart er 23. august. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper. 

Du nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom i kommunikasjonen med høgskulen. Du får tilgang til Canvas før studiestart med meir informasjon. Etter opptaket får du ei innføring i bruk av Canvas og Zoom.

Alle utdanninger innen