Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Mat og helse 1 er eit fag som gir elevane grunnlag for gode val i kvardagen. I denne vidareutdanninga lærer du korleis du kan undervise i mat og helse i grunnskulen på ein praktisk, relevant og engasjerande måte, med vekt på helse, berekraft og matkultur.
Kvifor studere mat og helse?
Mat og helse er eit sentralt fag for å fremje helse, berekraft og matglede hos barn og unge. Du lærer korleis du kan bidra til at barn og unge tek helsefremjande og berekraftige kosthaldsval, opptrer som ansvarlege forbrukarar og forstår den kulturelle betydninga av mat og måltid.
Kva lærer du?
Vidareutdanninga består av to emne på 15 studiepoeng kvar.
Du får kunnskap om berekraftig forbruk, mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk, styringsdokument, trygg mat, smak og sensorikk.
Du lærer også å planlegge, gjennomføre og vurdere læringsarbeid i faget, og får kompetanse i helsefremjande kosthald, matallergi og korleis faget kan bidra til livsmeistring og utjamning av sosial ulikskap i helse.
Les meir i emneplanane om kva du lærer og eksamen:
1: Innføring i mat og helse (MHE803).
2: Mat og helse som undervisningsfag (MHE804).
Målgruppe
Lærarar i grunnskulen som vil undervise i mat og helse.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).