Fakta

Sted:
Førde
Studietype:
Halvårs- og årsstudium
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
10

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Vil du lære å automatisere moderne produksjonsprosessar med PLS og industrielle robotar? Dette studiet gir deg etterspurd kompetanse i utviklinga av Industri 4.0.

Kvifor studere indistruell robotikk og PLS?

Industrien vert raskt digitalisert, og behovet for fagfolk med innsikt i automatisering og robotteknologi aukar. Dette studiet gir deg eit godt grunnlag for å forstå, planlegge og utvikle automatiserte produksjonsløysingar. 

Kva lærer du?

Du lærer om alt frå sensorteknologi og robotprogrammering til sikkerheit, prosjektering og vurdering av lønnsemd. Du lærer om samspelet mellom PLS (Programmerbare Logiske Styringar), robotar, nettverk og HMI-system i moderne produksjonslinjer, og får laboratorieerfaring tett knytt til reelle industrielle prosessar.  

Les meir i emneplanen om eksamen og kva du lærer (ELE804).

Målgruppe

Studiet passar for fagfolk og teknisk interesserte som jobbar, eller vil jobbe med automatisering, robotikk og moderne produksjonsprosessar. Det er relevant for ingeniørar, drifts- og vedlikehaldsansvarlege, prosessoperatørar og andre som ønskjer kompetanse på feltet.

 

Kurset er utvikla i samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og verksemder i bransjen. For dette kurset er Westcon og Goodtech AS våre samarbeidspartnarar.

Kurset er finansiert av HK-dir via Bransjeprogram for informasjonssikkerhet og IKT-bransjen 2025-2027