Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Human Resource Management (HRM) speler ei sentral rolle i å tiltrekkje, tilsette og behalde talentfulle medarbeidarar som passar til ein organisasjon eller ei verksemd. Denne vidareutdanninga er for deg som arbeider med HR i privat eller offentleg verksemd og treng fagleg påfyll, eller for deg som ønsker å kvalifisere deg for ei stilling innan HR.
Kvifor studere HRM i den norske modellen?
I dette studiet får du grunnleggjande kunnskap om HR-funksjonen sitt ansvar, rolle og oppgåver når det kjem til styring og leiing av verksemder i tråd med den norske arbeidslivsmodellen.
Undervisninga vil vektleggje krava til HR-funksjonen som prosessansvarlig, og gi kunnskap om relevante metodar og verktøy. Hovudtema vil være dei oppgåvene som HR-funksjonen er ansvarleg for og som skal bidra til å sikre at organisasjonen når dei forretningsmessige måla og ambisjonane sine med ei bærekraftig forvalting av menneskelege ressursar.
Relevant litteratur/pensum er knytt til beste praksis i private og offentlege organisasjonar.
Kva lærer du?
I dette kurset vil du lære sentrale teoriar, metodar og verktøy knytt til ulike HR-prosessar, som til dømes:
- Rekruttering
- Førebuing og oppfølging av helseplagar og sjukefråvær.
- Utvikling av eit trygt og godt arbeidsmijlø.
- Konflikthandtering
- Strategisk kompetanseutvikling
- Gjennomføring av endrings- og nedbemanningsprosessar
Opptakskrav
Karrieremuligheter
Målgruppe
Studiet passar for alle som arbeider med HR i privat eller offentleg verksemd eller som ønsker å kvalifisere seg for ei stilling innan HR. Emnet passar også for deg som er tillitsvalt, verneombod eller som generelt er interessert i temaet.
Emnet blir tilbydt i samarbeid med utdanningsselskapet Addisco, som er eid av forbundet Styrke.